Han meinte at det hadde vore særleg mange prestedrap i Telemark
Når Peder [Claussøn Friis] vart innblanda i slåsskampar med kniv, kan det ha spela inn at han var prest; han skreiv sjølv at bøndene ikkje kunne fordra lutherske prestar. Den saka han fekk mest strev med, var å gjenreise respekten for tienda. Bøndene hadde aldri vore glade for å betale ein tidel av avlingane sine til kyrkja, men dei hadde vent seg til å gjere det, og dei hadde sjølve glede av det fine nettverket av vakre kyrkjer i sitt eige nærmijlø. Men så kom reformasjonen. Dei norske biskopane forsvann, mange bygningar rotna ned, og dei fleste kyrkjene som var i bruk, vart fattigslege og triste. Gudstenestene vart framande for folk, og folkelig katolsk religiøsitet var motarbeidd og forfølgd. I denne stoda avskaffe kongen i København bondeluten, ein firedel av tienden som bøndene i katolsk tid fekk disponere for dei fattige i soknet. Bøndene over heile landet nekta å gi avkall på bondeluten og betale full tiend til styresmaktene: ein tredel til kongen, ein tredel til soknepresten og ein tredel til kyrkjebygningen i soknet. [..]- Øystein Rian, For Norge, kjempers fødeland
Peder Claussøn var i skriftene sine ikkje i tvil om at det var hatet til reformasjonen som var fremste årsaka til bondemotstanden mot tienda i hans tid. Bøndene fann seg "meget nødig" i lutherdommen, og i somme len hadde dei bode styresmaktene store pengar for å sleppe å få lutherske prestar. Peder var overtydd om at mange prestar hadde blitt fordrivne og drepne. Han meinte at det hadde vore særleg mange prestedrap i Telemark.
Labels: Quotations
0 Comments:
Post a Comment
<< Home