2018-10-28 09:54

«Eg har lenge hatt ei plagsam kjensle av å leve i ein dekadent kultur. Ikkje på grunn av sekularisering, endra seksualnormer og digitalisering (forresten – kanskje litt på grunn av digitaliseringa), men på grunn av måten vi forbrukar på. Kjensla av moralsk forfall er aldri sterkare enn når eg kjem inn på eit kjøpesenter, kor butikk etter butikk er overfylt av altfor billige produkt, langt fleir enn vi treng, og veit at mykje raskt vil hamne på søppelfyllinga. Og det trass i at det er lagt ned hundrevis av arbeidstimar for å dyrke eller grave fram materiala dei er laga av, forme dei, frakte dei til butikken, reklamere for og selje dei. Legg til at mykje av arbeidet er gjort under horrible arbeidsvilkår og at produksjonsprosessane fører til utslepp av både gift og CO2. Det heile får meg til å kjenne meg skiten, trist og makteslaus – for eg har verken evner, tid eller råd til å lage det eg treng sjølv eller alltid kjøpe tipp-topp kvalitet. Bjørn Stærk tek opp same problematikk i Jakten på den grønne lykken. Tanker fra sykkelsetet, men startar frå motsett hald: I lukkekjensla han får av å sykle til jobb, av å skjøne mekanikken i sykkelen og reparere den. Enda ei bok om lukka i å leve enkelt, altså? Ja, på sett og vis, men vegen går innom så ulike felt som sykkelhistorie, byplanlegging, klassisk konservatisme, økologi, moralfilosofi og korleis ein kan finne ein anna måte å vere i verda på enn som 'forbrukar'. Det grunnleggjande spørsmålet er: Kva gjer livet godt å leve?» Les Merete Røsviks anmeldelse av Bjørn Stærks «Jakten på den grønne lykken. Tanker fra sykkelsetet» på blabla.no!