MASTER.TXT - Master of Magic

===============================================================================
     Date: 11-02-96    Time: 08:22p     Number: 420    
     From: Magnus Itland                 Refer: 0       
       To: ALL                        Board ID: ARCADE          Recvd: No 
  Subject: Master of Magic                  22: Youth/Games    Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
Nokre månader sidan eg skreiv om dette sist, trur eg ... :)

Master of Magic er faktisk eit sabla bra spel, sjøl om det har
eitpar år på nakken no.  Eg la nyleg inn patch 1.31 og tukla
litt med lyd-oppsettet, og no virkar det fint under Win95
også, berre at det ikkje rører seg anna enn når det er i framgrunn.

MoM er "Civilization møter Dungeons&Dragons".  Målet er framleis
å erobre heile verda (vel, to parallelle verder) og anten utrydde
alle fiendar eller nå Målet (the Spell of Mastery).  Men i staden
for ulike sivilisasjonar er det ulike rasar (alvar, dvergar, osv)
og i staden for nye teknologiar studerer ein nye spells.  Magi,
heltar, xp og levels er sentrale i spelet.

Strategi-tips:

1) La ALDRI PC'n kjempe dine slag for deg!  Den berre kastar
dine heltar og troppar rett i døden utan å blunke.

2) Mellomlagre ofte.
 
3) "Slit ut" monster i nodar og ruinar.  Send inn troppar
som ikkje lar seg drepe raskt, konsentrer alt om å drepe
1 monster av gangen (f.eks ein guardian spirit av 8).
Flykt mens alle dine troppar enno er i live.  Dei fleste
ruinar og alle nodar kan ikkje gjenopplive falne troppar,
så hvis du kan kverke ein fiende kvar gang vil du til sist
ha ein tom node/ruin utan å ha tapt nokon av dine styrkar.
 
4) Skaff dine heltar tidleg i spelet.  Dei vil vekse år
for år, og på slutten kan ein av dei utslette eit heilt
kongerike åleine.  Men pass på at du satsar på heltar som
kan drepe på avstand.  Spellcasters vil auke mest i effekt
etter som åra går.
 
5) Søk fred og jag etter den!  Ikkje parker tropper rett ved
andre trollmenn sine byar.  Hvis ein annan trollmann varslar
krig, hent heller opp forrige savegame, ta kontakt med den
aktuelle trollmannen og tilby han ei pakt.  Han vil håne deg,
men han vil også la vere å angripe deg neste turn slik han
elles ville ha gjort.  Det tar fleire år før han angrip igjen.
Under ein slik lang fredsperiode kan du f.eks lage magiske
rustningar, våpen og smykke til heltane dine.  

6) Det løner seg å bygge ut ein by med alle moglege hus
slik at du kan produsere supertroppar mot slutten av spelet
(f.eks Paladin eller Pegasus).  Desse spesial-troppane er
uforholdsmessig mykje dyrare i drift enn andre, men er
endå uforholdsmessig mykje mektigare når du brukar dei rett.
Å bygge ut alle byar med hus til å bygge veteran paladins
med magiske våpen, er rett og slett for dyrt til å svare seg.
Bygg ein eller eitpar slike fabrikk-byar og finansier det 
med andre byar som lagar trade goods.
Pengar frå trade goods lar deg også fullføre bygginga raskare.

Desse strategiane brukar å virke kvar gang.  Og det er bra,
sidan eg hatar å tape! :)

 

itlandm@sn.no
---
 ■ 1st 1.11 ■ "Nobody here knows of thee, Avatar!"
===============================================================================