HAMSUN.TXT - Knut Hamsun og Nazismen


                        [Forrige] [Neste] [Innhold]
---------------------------------------------------------------------------
UiB-Magasinet 2/95
---------------------------------------------------------------------------

Knut Hamsun og Nazismen

Var Hamsun nazist? Strafferettsleg og politisk ideologisk er det mogleg σ
klargjere eit stykke pσ veg. Rettar sp°rsmσlet seg mot Hamsuns diktekunst,
melder det seg ei rad med vanskar.



Av ATLE KITTANG
professor i litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen

Det er lett σ forstσ kvifor Knut Hamsun vart eit av dei mest brysame
problema for det norske rettsvesenet i 1945. Saman med Ibsen var han Norges
fremste tilskot til verdslitteraturen; korleis kunne nasjonens kulturelle
ære bergast frσ den skamma som ein dom for landssvik ville innebere?
Utvegen vart ein judisiell observasjon som konkluderte med at oldingen
under okkupasjonen leid av "varig svekka sjelsevner", og dermed ikkje burde
gjerast rettsleg ansvarleg for handlingane sine etter straffelovens
[[section]] 86. Derimot vart det med heimel i Landssvikanordninga av 15.
desember 1944 reist erstatningssak mot Hamsun for medlemskapet hans i
Nasjonal Samling. Saka enda med fellande dom etter anke til H°gsterett.

Sidan den tid har sp°rsmσlet om Knut Hamsuns nazisme traumatisert det
norske kultur- og samfunnslivet. Hamsun kom til σ rokke ved ein særeigen
norsk myte om Den Store Diktaren, som hadde utvikla seg pσ historisk grunn
parallelt med bygginga av den moderne norske nasjonen. Wergeland og
Bj°rnson var med og skapte biletet av Diktaren som herold for norsk
sj°lvstende og norsk nasjonal eigenart; og ved Bj°rnsons d°d gjekk Knut
Hamsun meir eller mindre heilhjarta inn i nett denne rolla. At han sσ
ettertrykkeleg svikta nσr det mest galdt, var kanskje med pσ σ gi myten ein
brest alle sσkalla gode nordmenn mσtte oppleve som eit σtak pσ sj°lve
samfunnets kulturelle identitet. I denne bresten kom det til syne eit langt
meir urovekkande bilete av kunstnaren i konflikt med samfunnet, som det har
vore vanskeleg σ forholde seg til.

Det betyr sj°lvsagt ikkje at diktarens knefall for nazismen er uvesentleg,
50 σr etter frigjeringa. Utfordringa er σ semjast om korleis problemet b°r
stillast. Var Hamsun nazist? Formulert sσ enkelt, har sp°rsmalet bσde ei
strafferettsleg og ei politisk-ideologisk side som det er mogleg σ
klargjere eit stykke pa veg. Men rettar ein sp°rsmσlet mot Hamsuns
diktekunst, melder det seg ei rad med vanskar.

Det strafferettslege sp°rsmσlet

   Hamsun var korkje angivar, profit°r eller frontkjempar. Han bidrog
   ikkje aktivt til den nazistiske undertrykkingspolitikken under
okkupasjonen. Men fra aprildagane i 1940 og fram til mai 1945
(Hitler-nekrologen) offentleggjorde han omlag 15 opprop og artiklar i
norske og tyske aviser og tidsskrift. Dessutan let han seg intervjue av den
tyskkontrollerte norske radioen ved eitt h°ve, og let framf°re ei helsing
til den internasjonale pressekongressen i Wien i juni 1943, der han sj°lv
var til stades. Det er ikkje tvil om at innhaldet i dei fleste av artiklane
st°tta okkupasjonsmakta og Quislings parti. Sj°lv om det eksisterte
formildande omstende, er det rimeleg σ tru at ei rettssak om landssvik pσ
eit slikt grunnlag ville ha f°rt til fellande dom. Professor Johs. Andenæs
skreiv i ein artikkel i Lov og rett i 1979: "Hadde han vært 20 eller 30 σr
yngre, ville saken ha vært klar: Forræderitiltale og σrelang frihetsstraff.
Noe annet ville ha vært umulig hvis det skulle være likhet for loven.
Problemet lσ i alderen."

Difor vart Hamsun d°md for sitt medlemskap i Nasjonal Samling, og ikkje for
landssvik. Fleire juristar har stilt seg kritiske til det prinsippet om
solidarisk erstatningsansvar for NS-medlemmer som er innhaldet i
[[section]] 25 i Landssvikanordninga. I tillegg kjem at det var ein viss
tvil knytt til dommen mot Hamsun. Diktaren hevda heile tida at han aldri
sj°lv hadde meldt seg inn i partiet eller betalt kontingent. Dommen i
Grimstad herredsrett vart avsagt under dissens fra fagdommaren, men vart
samr°ystes stadfesta av H°gsterett 1 1/2 σr seinare.

Den rettskraftige dommen gir svar pσ sp°rsmσlet om Hamsun var nazist eller
ei - i tydinga "medlem av NS". Men bade sp°rsmσlet og svaret er reint
formelt, og dreier seg om kva slags tekniske vilkσr som mσ vere til stades
for at ein person skal reknast som medlem av ein politisk organisasjon. Det
brennbare strafferettslege sp°rsmσlet, nemleg om Hamsun ved sine handlingar
under okkupasjonen mσtte reknast som nazist, har vi ikkje noko svar pσ. Det
sytte den norske rettsmakta sj°lv for, ved σ dra tilbake tiltalen om
landssvik.

Hamsun som ideolog

For ettertida er det likevel eit anna sp°rsmσl som tel tyngre: Var Hamsuns
protyske engasjement basert pσ ideologiske haldningar som vi i dag vil
kalle "nazistiske"?

Forholdet mellom ideologi og politikk er komplisert. Ideologiar °nskjer
alltid σ framstσ med vakre ansikt - ansikt som kan overtyde ved σ forkynne
kvar grensene gσr mellom godt og vondt, venn og fiende. Kanskje lar
nazismen dei politiske realitetane skine klarare gjennom enn mange andre
ideologiar. Brutaliteten, stigmatiseringa av visse rasar og folkegrupper,
dyrkinga av krigen, kravet om hemn og nasjonal atterreising, var heilt fra
Mein Kampf stygge trekk i nazismens ideologiske ansikt. Men like viktige
var andre og meir positive trekk: fellesskapskjensla, sansen for naturen og
dei naturgitte forholda i °konomi og moral, kritikken av kapitalismens
framandgjerande sider, motstanden mot politisk og kulturelt forfall.

Hamsuns f°rste opne st°tte til Hitlers politikk stammar fra 1934. Bσde her
og i det fam°se σtaket pσ Carl von Ossietzky eitt σr seinare, er han f°rst
og fremst opptatt av σ forsvare Tyskland mot sigerherrane frσ f°rste
verdskrigen. Han f°rer vidare eit standpunkt som han tok omkring 1910 og
heldt fast ved resten av livet. I Hamsuns politiske mytologi er Tyskland
den unge nasjonen med ungdomens legitime krav pσ utfalding og utvikling;
England representerer den avfeldige alderdomen som med alle midlar freistar
σ halde ungdomen nede. Dette er ikkje berre forstokka idiosynkrasiar.
Liknande tankar vart pa den tida delte av andre, utan at alle av den grunn
vart nazistar.

Men i tillegg utvikla Knut Hamsun eit stadig meir kritisk syn pσ
samfunnsutviklinga, som f°rte han over i posisjonar det er lett σ
identifisere som reaksjonære. Stikkord er: antikapitalisme,
anti-industrialisme, anti-demokratisme, lengt tilbake til feudale
relasjonar i politikk og moral, idealisering av naturen, bonde°konomien og
dei "naturlege" banda mellom menneska og omverda. Slike haldningar finn vi
att som trekk i nazi-ideologiens positive ansikt. Det er rimeleg σ tenkje
seg at ei oppleving av "verdifellesskap" var med og forsterka Hamsuns
sympatiar med det politiske eksperimentet som Hitler sette i gang i 1933.

Derimot er det vanskeleg σ finne spor av det vi oppfattar som dei negative
kjernane i nazi-ideologien: rasismen, antisemittismen og den meir allmenne
brutaliteten i menneskesynet. Den amerikanske Hamsun-forskaren Allen
Simpson gjekk i ein artikkel fra 1977 n°ye gjennom bσde Hamsuns litterære
verk og sentrale artiklar fra okkupasjonsσra. Han konkluderer med at Hamsun
var anti-semitt. Men det er vanskeleg σ vere usamd med Sten Sparre Nilson
nσr han i eit tilsvar peikar pσ at Simpson les Hamsun utan nemneverdig sans
for kontekstane: Dei slengmerknadene om j°dar som Simpson finn i Hamsuns
skrifter, er talemσtar som var vanlege i f°rste delen av dette hundreσret,
og Simpson overser "at bσde franskmenn, engelskmenn og japanere far sine
pass pσskrevet, og tyskerne blir utsatt for minst like hard medfart som
j°dene."

Hamsuns artiklar og opprop fra krigsσra er med eitt unntak frie for
anti-j°diske innslag. Det eine unntaket er ein stor artikkel publisert pa
tysk i februar 1942, der president Roosevelt blir omtala som "j°de i j°disk
teneste". Det norske originalmanuskriptet til artikkelen er gσtt tapt;
difor er det ikkje mogleg σ fastslσ om dei anti-semittiske formuleringane
verkeleg stammar fra Hamsun sj°lv, eller om dei er blitt kynisk tilf°ya
under omsetjinga. Men sikkert er det at slike formuleringar ikkje er
representative for det vi veit om Hamsuns forhold til j°dar og
j°desp°rsmσlet.

At Hamsuns reaksjonære haldningar gjorde han blind for dei politiske
realitetane i samtida, kan det ikkje vere tvil om. Dei bidrar ogsσ til σ
forklare den st°tta han gav til Hitler og Quisling. Men vi har ikkje dermed
grunnlag for σ hevde at Hamsun var nazist i ideologisk forstand.

   Dikting og fascisme hos Hamsun

Kva sσ med Hamsuns dikting? Er ikkje den pσ viktige punkt uttrykk for
liknande reaksjonære haldningar?

Innanfor Hamsun-forskninga finst det ein sterk og viktig ideologikritisk
tradisjon. Den starta med Leo Lowenthals store studie fra 1937, "Knut
Hamsun. Zur Vorgeschichte der autoritaren Ideologie", og vart gjenoppliva i
1970-σra. Hovudtesen er at forfattarskapen fra Sult til Ringen sluttet er
organisert omkring ein "seinliberalistisk" ideologi, som er eit uttrykk for
smσborgarskapets konfliktfulle oppleving av r°yndomen sin og i sin kjerne
lar seg beskrive som ein "underkastingsideologi". Sentralt stσr myten om
Naturen som smσborgarskapets draum om ein fristad langt borte frσ
konfliktane i den sosiale r°yndomen.

Denne tolkinga har gitt oss eit viktig bidrag til ei meir samanhengande
forstσing av sider ved forfattarskapen. Den har sannsynleggjort at det
faktisk finst eit ideologisk m°nster som gσr gjennom heile verket, og som
pσ vesentlege punkt svarer til dei "meiningane" Hamsun som
artikkelforfattar og polemikar forkynner, særleg i tida etter 1910. Men er
forholdet mellom ideologi og diktekunst sσ enkelt hos Hamsun?

La oss sjσ litt pa to romanar fra mellomkrigstida, Konerne ved vandposten
(1920) og Landstrykere (1927) - b°ker mange har tolka som samfunnskritiske
verk med klart reaksjonært siktemσl. Slike element finst, men i
forbl°ffande liten grad som enkel og grei forkynning. Som regel er den
reaksjonære bodskapen lagt i munnen pσ bipersonar, og karakteristisk for
dei fleste av dei er at dei pσ ein eller annan mσte blir offer for romanens
ironi. I Konerne ved vandposten er postmeisteren ein slik biperson; han
mσlber fleire av polemikaren og moralisten Hamsuns kjepphestar. Men
postmeisteren er ein isolert og livsfjern fantast. Fra σ vere romanens
moralske samvit og eit taler°r for samfunnskritikken, gσr han over til σ
bli eit ironisk symbol pσ ein djupareliggande dissonans i verket:
konflikten mellom illusjon og r°yndom, lære og liv. Hovudperson i romanen
er den kastrerte matrosen Oliver Andersen. Dette monstrum av eit menneske
blir oftast tolka som eit grotesk symbol pσ all abnormitet og degenerasjon
i den "nye tid" Hamsun vender seg sσ kritisk mot. Symbolikken har nok
sikkert vore i Hamsuns tanke. Men Oliver Andersen h°yrer heime i ein annan
samanheng ogsσ, nemleg blant dei mange outsiderfigurane i Hamsuns
forfattarskap. Og den intrikate sympatien som pregar Hamsuns forhold til
outsiderane sine (Sult-helten, Nagel, Glahn, osv), kjem ogsσ til syne i
mσten han utformar kastratfiguren pσ. Oliver er ikkje berre "niding", men
ogsσ "lykkemann"; og primært er han eit symbol pσ den paradoksale rolla
fantasien spelar i menneskelivet. Nettopp fordi han er kastrert - tom,
uthola - mσ han byggje seg sitt eige fantasitilvære, og det er det som
opprettheld livskrafta i han. Det mσtte ein annan stor diktar til for σ sjσ
det som ingen andre var i stand til σ sjσ da romanen kom ut: Alt i 1922
understrekar nemleg Thomas Mann at Konerne ved vandposten djupast sett
handlar om kunst, "om kunsten som kraft til livsopphald, om livet som
kunst, kunst som naudhjelp."

Landstrykere er bygt over liknande spenningar. Den ideologiske forkynninga
i romanen rakar rotl°ysa og vagabonderiet som dei to landstrykarane Edevart
og August representerer. Som motbilete stiller boka opp den bufaste bondens
stabile og trygge liv. Men romanens dynamikk er knytt til det rotlause
livet som den ideologiske forkynninga gjer σtak mot. Det som fascinerer
bσde forteljaren og lesaren, er Augusts fabuleringar, landstrykarlivets
eventyrlege fridom, og Edevarts erfaringar av korleis spenninga mellom
illusjon og desillusjon dannar eit grunnvilkσr i menneskets eksistens.

Slike eksempel seier noko viktig om forholdet mellom ideologi og dikting
hos Hamsun. I b°kene hans er ideologiske normer og m°nster til stades som
ein n°dvendig dimensjon - n°dvendig for at tekstens ironi skal kunne
operere. Dei ideologiske og moralske standpunkta som blir kommuniserte,
blir pσ same tid underminerte. Hamsuns ironisk-r°rlege skrift utf°rer
dermed ein kritikk av sine eigne ideologiar. Dei situasjonane og figurane
som ein umiddelbart tolkar "negativt" (f.eks. Oliver og August), viser seg
ved nærare lesing σ bere i seg "positive" element, f°rst og fremst fordi
dei tematiserer den grunnleggande fascinasjonen i Hamsuns univers -
fantasien som kompensasjon og livskraft. I dette perspektivet mσ vi ogsσ
forstσ forholdet mellom ideologi og dikting.

Det finst inga enkel forklaring pσ Knut Hamsuns pronazistiske engasjement.
Truleg mσ vi rekne med ei samanfiltring av personlege idiosynkrasiar, reine
tilfelle, psykologiske særheter og alderdomens mangel pσ σndeleg
fleksibilitet. Det som gjer diktinga hans genial, er pσ den andre sida
korkje idyllane eller den fundamentale pessimismen som opptrer side om side
i b°kene hans, men den distanserande r°rsla som h°yrer ironien,
refleksjonen og underfundigheten til. Den er i seg sj°lv ei motkraft mot
all ureflektert tilslutnad - ogsσ til totalitære ideologiar.

⌐ Atle Kittang, Universitetet i Bergen

---------------------------------------------------------------------------
                        [Forrige] [Neste] [Innhold]