FOLKSTYR.TXT - Direkte folkestyre

===============================================================================
     Date: 10-17-96    Time: 08:30p     Number: 953    
     From: Magnus Itland                 Refer: 952     
       To: Bjørn Michelsen            Board ID: ARCADE          Recvd: No 
  Subject: Direkte folkestyre               13: Youth/Politi   Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
BM>Kan du være så vennlig å gi en utgreing om ditt 'direkte folkestyre'?

Med glede.
Eg ønskjer at overgangen frå indirekte demokrati (representativt
demokrati, parlamentarisme) skal skje gradvis.  Kvar enkelt 
borgar skal framleis velje ein representant, og tallet på
representantar kan vere omlag det samme som no.  Men kvar
veljar har 1 og berre 1 representant (ikkje partiet men ein
person, evt vara-rep dersom den normale er sjukmeldt).
Dersom ingenting anna er sagt, vil representanten stemme med
samtlege av sine stemmer.  Sei at ein representant frå Sogn
har støtte frå 83900 veljarar.  Han vil då i ei kvar sak 
ha 83900 røyster.  Dvs at nokre representantar vil ha meir
vekt enn andre, fordi dei representerer fleire.

Neste steg, som kjem umiddelbart etter, er at den enkelte
kan reservere seg i enkeltsaker.  Kor store desse sakene må
vere?  Eg vil sei at alt som blir stemt over i Storting
(eller kommune, hvis det samme blir gjennomført lokalt)
i prinsippet kan avgjerast av veljaren direkte.

Altså, representanten er min agent, mykje på samme måte som
ein bank forvaltar mine pengar for meg.  Det er eit spørsmål
om tillit til deira kompetanse.

Dei fleste vil la representanten ordne det heile heile tida,
ein del vil avgjere sjøl i viktige saker, og nokre ganske få
vil sitte og stemme sjøl i nesten alt mogleg.  (Dei må ha
sabla god tid...)

Altså, sett at Malvin frå Ytre Sogn stort sett let sin
representant stemme for han om alt mogleg, men i spørsmålet
om konsesjon til RGI har Malvin eit heilt motsatt syn av
sin representant.  Han vil då gje beskjed om dette til
Stemmesentralen.  Alle dei andre gir blaffen.  Under
avstemninga har no representanten berre 83899 røyster for
og 1 imot.  

Korleis skal ein vanleg borgar halde seg oppdatert om kva
saker som skal opp, kva hans representant meinar, og 
korleis skal han gje beskjed om at han ønskjer å støtte
eit alternativt standpunkt?  For oss som har Internet er
jo dette ei triviell sak, men andre vil kunne bruke eit
papir- og telefonbasert system.

Mi tru er at 999 av 1000 vil overlate småsakene til sin
representant (eller agent, om du vil) og berre engasjere seg
i ting som dei føler er svært viktige.  Men dei vil i alle
fall ha eit reellt valg dersom det kjem opp saker der folket
meinar noko anna enn "representantane".

Representantar som ikkje representerer folket er ein parodi.
Eg vil redusere dei til reine agentar for folkeviljen.

Dei som ikkje stolar på folket, bør kanskje velje eit anna folk.

itlandm@sn.no
---
 ■ 1st 1.11 ■ I've seen the future, and it needs work.
===============================================================================