AUMSHINR.TXT

Filnamn:AUMSHINR.TXT                                          Firda BBS
Siste revisjon:17.06.95                                       blt35c22
-----------------------------------------------------------------------

A U M   S H I N R I - K Y O; "Den ypperste sanninga"
(Dommedags-sekta som vert skulda for å stå bak sarin-åtaket på
undergrunns-stasjonen Kasumigaseki i Tokyo i veke 13 1995.)

R E L I G I O N S S T I F T A R E N
Grunnleggaren av den japanske endetids-sekta Aum Shinri-Kyo er den 40
år gamle "Son Shi" (= ærverdige meistaren) Shoko Asahara. Asahara var
fjerde sonen i ein fattig familie. Far hans levde av å flette tatami-
matter. Foreldra ga guten namnet Chizuo Matsumoto. Frå fødselen av
hadde Asahara dårleg syn, og gjekk på blindeskule frå 6-års-alderen
(sjølv om han ikkje er heilt blind. Han har i det minste delvis syn på
eitt auge).

Som ung vaksen tok han opplæring i akupunktur og tradisjonelle
urtekurar, og starta som 20-åring eiga forretning i kinesisk medisin.
Til same tid gjekk han inn i ei buddhistisk utbrytarsekt. Asahara fekk
snart problem med helsemyndigheitane på grunn av eit preparat som var
laga av gulerøter, slangeskinn og andre ingrediensar, og som skulle
helbrede nevralgi og revmatisme. Han vart ilagt ei bot på 200 000 yen
for å ha brote farmasilovene.

Etter dette opna Asahara og kona hans ei ny forretning, "Aum", der dei
ga yoga-kurs og selde helsedrikkar. I 1985 kunngjorde Asahara at han
kunne sveve og at han ville verte i stand til å flyge fritt innan eit
år.

I 1987 hadde Asahara vore på ei reise i Himalaya, og då han kom
attende til Japan, hevda han at han hadde oppnådd det høgste moglege
opplysningsnivået. Han tok til å kalle sekta si Aum Shinri-Kyo, (Shinri-
Kyo = den høgste sanninga) og inviterte rike, framandgjorde unge
menneske å kome til han og finne meininga med livet.

AUM er etter hinduistisk oppfatning eit ord for jord, luft og himmel,
men mellom Shinri-Kyo-disiplane står ordet for "skapelse" og
"øydelegging" samtidig. Tolkinga har nok samanheng med at Asahara bygger
eindel av religionen sin kring hindu-guddommen Kali, gudinna for fødsel,
helbredelse og død. I Aum Shinri-Kyo er Kali symbolet for frigjering
og utløysing frå det sekulære.

F L E S T   D I S I P L A R   I   J A P A N   O G   R U S S L A N D
I Japan har Asahara no rundt 10 000 disiplar, og sekta har opna
kontor i New York, Bonn(1), Sri Lanka og Moskva. I den tidlegare
Sovjetunionen hevdar Aum Shinri-Kyo å ha rekruttert 30 000 nye
medlemar dei siste tre åra.

Som andre japanske sekter tilbyr Aum Shinri-Kyo helse og helbredelse,
men der dei andre lovar lukke, rikdom og andre kortsiktige
gevinstar, gjev Aum også åndeleg frigjering frå den sekulære verda.

A U M   H A R  M A N G E   V E L U T D A N N A   D I S I P L A R
Asahara har skaffa seg overraskande mange disiplar med langtids-
utdanning. I Aum Shinri-Kyo finn ein legar, sakførarar, ingeniørar, ein
organisk kjemikar og til og med ein rakettforskar. Sekta driv
restaurantar, eit bokforlag, dataforretningar og eit sjukehus.

Religionsprofessor Nobutaka Inoue ved Kokugakuin-universitetet i
Tokyo meiner denne oppslutninga kan forklarast med at desse høgt
utdanna personane har brukt ungdomstida til einsidige målretta
studium, og aldri har tenkt på "meininga med livet". "Dei er ganske
jomfruelege når det gjeld å bruke fornuft på religiøse saker," seier
han. Ein tidlegare disippel, læraren Yokosuna Ide, hevdar at "det dreiar
seg om same typen fascinasjon som får menneske til å underkaste seg
vanvittige diktatorar, sjølv om det er tydeleg at dei fører folk i
ulukka." Idag seier Ide at han ikkje fattar korleis han nokon gong kunne
tru på Asahara.

F A S T E   O G   F O R S A K I N G   G J E V   F R I G J E R I N G
Ved starten la Aum Shinri-Kyo vekt på dei mildare sidene ved buddhismen.
Då professor Inoue var innom hovudkvarteret deira ved foten av Fuji-
fjellet i 1991, krydde det av kakerlakkar, mus og rotter som Aum-
disiplane av religiøse grunnar ikkje kunne drepe.

Kultmedlemane inntok då, som idag, berre eitt eller to måltid av
kokt ris og grønsaker om dagen, og dei fasta ofte, etter buddhistisk
tradisjon. Då politiet gjennomsøkte Yamanashi-komplekset i veke 13, var
50 disiplar så svekka av fasten at dei vart innlagde på sjukehus. Men
Asahara lovar tilhengarane sine at dei til sist gjennom forsakelse
vil nå fram til opplysning og overnaturlege krefter, som sveving,
helbredelse, klarsyn og profetiske evner. (Klarsyn demonstrerte han då
han profeterte at det skulle skje ein katastrofe tidleg i 1995.
Når jordskjelvet i Kobe kom kort etter, beviste det at Asahara hadde
profetiske evner.)

Kritikarar peikar på at forsakingsteologien tydelegvis ikkje gjeld
meistaren sjølv. Dei hevdar at Asahara veltar seg i luksus. Han ber
armbandsur i $50 000 klassen, har privat helikopter, køyrer Rolls Royce
og S-klasse Mercedes med spesialbygd 10 liters motor. Mange truande
kjøper små ampuller med blod tappa frå meistaren, til ein omrekna pris
av omlag kr 45 000, for å kunne vise Asahara den æra å drikke blodet
framfor augene hans.

A U M   S K A L   V E R E   M E L L O M   D E I   U T V A L D E
Asahara har også lova at disiplane hans skal overleve. Etter
læresetningane hans skal disiplar som lukkast i å kome gjennom dei fire
ånds-stadia fram mot full opplysning, ikkje berre få overnaturlege
krefter, men skal telje mellom den fjerdedelen av menneska på jorda som
overlever dommedag.

Asahara er oppteken av framande vesen og verder. Han hevdar å ha levd
mange liv, og ha vore konge i "himmelen" der UFOane kjem frå. Han har
kunngjort planar om å opprette "astralsjukehus" det det skal
praktiserast medisin frå astralverda. Men det er verda etter dommedag
som ser ut til å oppta Asahara mest. Han lovar å vere forsvarsadvokat
for disiplane sine på dommedag, men berre dersom dei er dobbelt lydige
mot læra hans kan han love å berge dei frå undergangen.

M I S T A N K E   O M   D O M M E D A G S P L A N A R
Dei sjokkerande mengdene farlege kjemikal som vart konfiskert frå
Aum Shinri-Kyo i veke 13, - mellom anna salpetersyre og glyserol
(moglege råvarer til sprengstoff) og ingrediensar som kunne brukast
til å produsere 50 tonn sarin, får mange til å mistenke at Asahara
kan ha planlagt å starte dommedag sjølv. Gruppa hadde også lagra
store mengder motgift mot nervegass. "Det verkar på meg som om han
trudde han var den utvalde som skulle utløyse Armageddon," seier
Takashi Tachibana, ein ekspert på denne sekta.

Ø K O N O M I S K   B I N D I N G   O G   K I D N A P P I N G
Nye rekruttar gjev alt dei eig til sekta. Sakførarar som arbeider mot
dei fortel at det har hendt at rekruttane har fått LSD, morfin eller
stimulerande middel. Slektningane til sektmedlemene skuldar Aum Shinri-
Kyo for å drive kidnapping. Ein sakførar som utfordra sekta på vegne av
familiane til rekruttane, vart borte saman med heile familien sin.

R E I N S I N G   O G   E L E K T R O N I S K   T E L E P A T I
Så lenge rekruttane er under opplæring vert dei haldne isolerte frå
omverda. Dei studerer skriftene til Asahara, trenar på svangerskapskurs-
liknande puste-teknikkar og mediterer med monotont summande apparat
på hovudet. Skulle dei møte meistaren personleg, krev rituala at dei
skal kysse storetåa hans.
Ei anna "øving" som tidlegare sektmedlemer fortel om er at dei vert
oppfordra til å drikke store mengder vatn og kaste opp for å "reinse
sjela og kroppen". Andre disiplar trenar på å halde pusten under vatn,
eller på å opphalde seg i trange tette rom i lang tid. Pusteøvingane har
samanheng med at disiplane, når dei er vortne tilstrekkeleg høgt
opplyste og kjenner den ekte sanninga, ikkje lenger skal trenge å trekke
pusten. Utbrytarar frå sekta seier at det hender at det vert brukt tvang
i samband med denne pustetreninga. Ei kvinne fortalde at ho vart halden
med hovudet under vatn fordi ho ikkje ville innordne seg. Ved razziaen i
veke 13 fann også politiet ei kvinne innelåst i ei tett kasse.

Aum Shinri-Kyo skaffar seg høgteknologi-image gjennom bruken av eit
spesielt hjernebølgjeapparat. Priviligerte sektmedlemer, prestar, koplar
seg til slike apparat gjennom bandkablar knytt til EEG-kontakter på
hovudbotnen. Gjennom meditasjon med dette utstyret meiner dei at dei
kjem i direkte sjelekontakt med den ærverdige meistaren. Merka etter
kontaktpunkta på hovudet vert rekna som eit høgt statusteikn i sekta.
Hjernebølgje-apparatet skal vere oppfunne av meisteren sjølv, og har
fått namnet "Perfekt Frelse". Det kan hende at apparatet bygger på
biofeedback-prinsippet: Den mediterande følgjer hjernebølgjene sine på
ein skjerm, og øver seg i å slappe av slik at bølgjene er så rolege som
mogleg. Under razziaen i hovedkvarteret til sekta kom politiet over ei
kvinne som var iført reiseversjonen av Perfekt Frelse. Den såg ut som ei
ullhette som stritta av antenner. Ho kontrollerte hetta gjennom eit
Walkman-liknande apparat som ho heldt i handa.

S A R I N   F I G U R E R E R   I   A S A H A R A   S I   L Æ R E
Kva er så grunnane til at politiet mistenkjer Aum Shinri-Kyo for å
stå bak gassåtaket på tunnelbanestasjonen i Tokyo?
I apokalypsereligionen til Shoko Asahara er nervegassen sarin symbol
på dommedag. Asahara hevdar at sarin vil verte eit hovudvåpen i den
"siste verdskrigen" og har bygd seg ei paranoid ideverd kring dette:

   Amerikanarane har allereie forgifta lufta over Tokyo med gass og
   intriger. 240 luftfarty; jetfly, småfly, helikopter, - har dei siste
   åra stendig passert over hovudkvarteret i Kamikuishiki for å spreie
   dødeleg gass. Asahara sine ekspertar har påvist spor av sennepsgass
   og sarin. Det har påført disiplane hans hovudsmerter, diare og
   rennande nase.

Gassangrep har alltid vore Asahara sin paranoide tvangstanke. "Eg har
sagt til dykk at eg snart skal døy", betrur Asahara tilhengarane sine.
"Døden min vil kome, - så mykje veit eg, - av ei gift som liknar Sarin."

Dommedag for Aum-sekta var nærare enn dei sjølve rekna med: Etter seks
år med uoppklarte kidnappingar og forgiftingstilfelle som vart knytte
til Aum, heldt politiet på å gjere seg klare til å slå til. Dagen før
gassåtaket på undergrunnsbanen hadde politiet rekvirert gasstette
vernedrakter frå sivilforsvaret. Utstyret fekk ein uventa elddåp under
Tokyo-krisa.

Aum Shinri-Kyo hadde også budd seg på konfrontasjon. Tolv dagar før
gassåtaket hadde leiarane sendt ut ei skriftleg "siste åtvaring" og
kalla inn medlemane til eit krisemøte i Aoyama-treningsleiren. "Tida er
komen til å fullende helbredelsesplanen og helse døden velkomen utan
redsle," råda Asahara tilhengarane sine før politiet gjekk til razzia
mot Aum-sentra i heile Japan.

Asahara reiste frå møtet i ein limousin straks etter gassåtaket og gjekk
i dekning.I video-opptak som han seinare har sendt ut frå gøymestaden
sin, nektar han for at sekta står bak gassåtaket og kidnappingane. Dei
svære kjemikalielagra skulle brukast til å lage plast, kunstgjødsel og
keramikk. Han legg skulda for gassåtaket på amerikanarane. Dersom Aum
Shinri-Kyo skulle starte krig, måtte det vere mot amerikanarane, seier
han. Men etterforskarane meiner på si side å ha funne sterke indisiar på
ein sektutpost; nemleg nervegassråvarer med same kjemiske signatur som
gassrestane frå tunnelbanestasjonen. Testane viste også samsvar med eit
forgiftingstilfelle ved Matsumoto i fjor, der sju menneske mista livet.


(1) Akiro Wakatake administrerer Aum-kontoret i Endenich i Bonn, og Der
Spiegel har intervjua han i nr. 13, 1995.
 Wakatake ga opp jobben som elektroingeniør for å fylgje den store
meistaren. Han har 200 mark (900kr) å leve for i månaden, og tilbyr
tyskarane adgang til Shoko Asahara si lære for 125 mark opptaksgebyr, og
37 mark i månaden. Enno har Wakatake ikkje greidd å omvende nokon. "Det
er ganske få som har kome hit," og ingen har blitt verande. "Eg må også
tene mykje pengar for å nå opplysning", seier han unnskyldande.

Det er antakeleg eit uttrykk for meistaren sin misnøye med det dårlege
misjonsresultatet at Wakatake enno ikkje har fått tilsendt hjernebølgje-
apparatet "Perfekt Frelse" som dei andre prestane og misjonærane har
fått. Wakatake medgjev at det fell tungt for han å greie seg utan denne
"svært sterke energien".

På veggen i det vesle kontoret har Wakatake bilder av Shoko Asahara i
lotus-stilling, tilsynelatande svevande 30-40cm over underlaget. (Det er
same teknikken som Maharishi-tilhengarane brukar, - froskeaktige sprett
i skreddarstilling, - og så må nokon ta bilde i det øyeblikket den
"flygande" er over bakken.) "Son Shi er stor og varmhjarta, fortel den
trufaste tilhengaren, og stryk med handa over biletet av den velnærte,
smilande Shoko.

Ashahara har kunngjort at "ein atomkrig eller ein naturkatastrofe som
tek til i Japan og skal spreie seg over verda og ramme menneska, - men
ikkje alle." Undergangen skal kome før 1997, men eit kollektivt
massesjølvmord innan sekta held Wakatake for "totalt utelukka."


Kjelder:
Newsweek, 3.april 1995, side 11-16
Der Spiegel 13/1995  side 144-158 "Test für den Massenmord".
---------------------------------------------------------------------

D O M M E D A G S - K O N S T R U K T Ø R E N

(artikkel frå Time, juni 1995)

Apokalypseprofetar er noko ein gjerne spøkar med og gjer narr
av, fordi dei alltid tek feil. Armageddon dukkar aldri opp til
det tidspunktet då profetane seier enden skal kome. Når det
gjeld Shoko Asahara derimot, ser det ut til at han la planar
for å sikre at profetia hans skulle slå til. Og dei var på
nippet til å gjere det.

Sidan politiet i Japan arresterte guruen i Aum Shinrikyo-sekta
den 16 mai, har det kome fram skræmande fakta som tyder på at
Asahara både hadde pengane, verkemidla og viljen til å
nedkalle sin eigen variant av Armageddon over Japan.
Nervegassåtaket på undergrunnen i Tokyo den 20 mars, som tok
livet av 12 personar og skadde 5500, og den mislukka
blåsyreaksjonen mot Shinjuku-stasjonen den 5 mai, var meint å
skulle vere førevarsel om mykje større katastrofar. Det er
politikjelder som har slept ut denne informasjonen til pressa
i Japan. Det verkeleg store showet skulle etter alt å døme gå
av stabelen i november i år. Politiet har avdekka planar om at
kultmedlemane då skulle angripe ofentlege institusjonar,
regjeringsbygningar og keiserpalasset for å starte det som
Asahara meinte ville bli ein ny verdskrig.

Det kunne ha vorte ille. For å sikre seg framgang i krigen
hadde sekta bygd ei rekke våpenfabrikkar innanfor komplekset
ved foten av Fuji-fjellet. Aum-forskarane prøvde å utvikle
biologiske våpen - mellom anna på grunnlag av Ebola-viruset -
og dei hadde samlebanda klare for serieproduksjon av
automatiske kamprifler. Bak dei falske veggane i ein av
bygningane fann politiet eit topputstyrt laboratorium som
hadde kosta $700 000. Laboratoriet kunne produsere 60-80kg
sarin i månaden, - nok til å drepe 6 - 8 millionar menneske.
Ein av planane gjekk ut på å spreie nervegassen over Tokyo frå
1,65m lange fjernstyrte helikopter. Straks etter skulle
Asahara overmanne det japanske forsvaret med sine eigne tanks
og jetjagarar og ta kontrollen i landet. "Det høyrest heilt
utruleg ut", seier eit tidlegare kultmedlem, "men Aum er i
stand til alt."

I stand til å planlegge alt kanskje, men politirapportane
teiknar eit bilete av ein kult som ikkje greidde å sikte
beint. Dei fjernstyrte helikoptera, som Aum kjøpte av
forhandlarar i Nord-Japan for $20.000 pr. stk., krasja under
dei to fyrste prøveflygingane. Teamet som arbeidde med
biologiske våpen hadde gåande eit botulisme-eksperiment, men
lukkast aldri i å framstille noko fungerande våpen. Ved eit av
eksperimenta deira dampa ein illeluktande gass bort gjennom
ventilanlegget og dekte parkerte bilar i nabolaget med brunt
kliss.

Etter forhøyr av 34 sentrale kultmedlemer har politiet danna
seg eit bilete av planane til Aum-sekta. Asahara hadde lenge
spådd at det skulle bryte ut ein verdskrig i 1997 då USA ville
prøve å overta makta i Japan, og han var bestemt på at sekta
skulle overleve krigen. Etter mars 1994 verka det som om denne
visjonen hadde endra seg dramatisk. Asahara hadde tydelegvis
fått meir interesse for å starte krigen sjølv enn for berre å
overleve. Utan å forklare grunnane hadde han også flytta
timeplanen fram til 1995.
Asahara hadde det som skulle til: Han hadde pengar - ein
veteran i sekta vedgjekk at Aum rådde over verdiar på meir enn
ein milliard US$ - og ein indre krets av fagfolk med
doktorgrad. Fagfolka var delt inn i grupper som skulle
produsere konvensjonelle våpen, biologiske våpen og
medikament.
Gruppa for biologiske våpen hadde minst framgang, men dei var
iniativrike nok. Aum sende eit medisinar-team til Zaire då det
vart rapportert om eit mogleg Ebola-utbrot i 1992. Sarin-
produksjonsgruppa lukkast best av alle. Den 30 år gamle
sjefskjemikaren Masaya Tsuchiya fortalde politiet at han hadde
produsert 25kg sarin frå november 1993 og fram til
terroraksjonen i Tokyo.

Ein kjenner enno på langt nær alle detaljane. Politiet har
fått tak i ufullstendige notat som tyder på at Aum var ute
etter å kjøpe tanks, laserar og jagerfly. Ingen
politirapportar har enno heilt greidd å forklare gass-aksjonen
mot Tokyo-undergrunnen i mars og den mislukka Aum-aksjonen mot
Shinjuku-stasjonen i mai. Legen Ikuo Hayashi, som har vedgått
at han plasserte gass på eit av Tokyo-toga, har sagt til
avisane at målet var å utslette Kasumigaseki-regionen i Tokyo,
der det ligg mange statlege kontor. "Vi sette i gang aksjonen
for at profetia til guruen skulle verte oppfylte," skal
Hayashi ha sagt til forhøyrsleiarane.

Det er venta at det i veke 23 (1995) vil bli teke ut tiltale
mot Asahara for planlagt drap og drapsforsøk. Politiet
arbeider også med eit tiltalepunkt som går på at guruen skal
ha gjeve ordre til det fyrste sarin-åtaket i Matsumoto i
sentral-Japan i juni i fjor, der sju miste livet og meir enn
200 vart skadde. I mellomtida er kona til Shoko, Tomoko
Matsumoto, i ferd med å overta styringa av sekta. Enno er det
berre få som har meldt seg ut. Redsle for represaliar kan vere
ein medverkande faktor. Arresterte Aum-medlemer skal ha
vedgått at ei sement-mølle som vart funnen ved hovudkvarteret
har vore brukt til å male opp beinrestar av døde medlemar. Det
galdt slike som hadde døydd under opptaksrituala eller som
måtte fjernast av andre grunnar.

Men sjølv etter desse avsløringane, og sjølv om dei kjem i
kjølvatnet av gassåtaket på undergrunnen, har det vore
vanskeleg for folk i Japan å fatte rekkevidda av det politiet
no trur. Mannen i den djuprosa pyjamas-dressen ser ut til å ha
vore inkarnasjonen av den usannsynlege skurken frå
spenningsromanane: Den stormannsgalne personen som rådde over
nok av både pengar, vitskapleg ekspertise og lojale
undersåttar til å oppfylle profetia hans om død og undergang.

(Etter artikkelen "Engineer of Doom" av Anthony Spaeth og
Irene M. Kunii i Time, 12 juni 1995)

Ottar Sande
----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt35c22