BANGBIBL.TXT

Filnamn:BANGBIBL.TXT                                          Firda BBS
Siste revisjon:16.05.94                                       blt35c15
-----------------------------------------------------------------------

 I     O  P  P  H  A  V  E  T     V  A  R      S  M  E  L  L  E  N

Colin Price meiner at moderne kosmiske skapelsesteoriar ikkje ligg så
langt frå Bibelen.


Er Big Bang-teorien urovekkande bibelsk? Eller for å snu på flisa, er
skapelsesberetninga urovekkande vitskapleg? Dessverre er verken
vitskapsfolka eller teologane heilt begeistra over denne samanlikninga.
Eindel personar ville ha likt det betre om dei vitskaplege teoriane var
fullt og heilt vitskaplege, og at dei ikkje overlet dei mest spennande
områda til mystisk spekulasjon, og at dei bibelske forteljingane var
heilt mytiske og ikkje kunne danne grunnlag for vitskapleg spekulasjon.
Så vidt vi kan sjå ut frå det vi veit i dag, fanst det ikkje noko
univers for 15 milliardar år sidan. Om ein så berre såg på denne eine
uttalelsen, høyrest moderne kosmologi ganske så religiøs ut.

Eg er teolog, så eg har ingen spesielle vitskaplege kjepphestar. Men eg
har fylgt med i den vitskaplege utviklinga dei siste tretti åra, og har
lagt merke til måten konklusjonane har utkrystallisert seg på.

Det grunnleggande faktamaterialet er temmeleg velkjent. Historia startar
eigentleg for alvor med Albert Einstein i 1915, då han utforma
feltlikningane sine på grunnlag av den generelle relativitetsteorien. På
den tida var den anerkjende oppfatninga at universet var uendeleg, men
statisk. Einstein var overraska over at likningane hans tyda på eit
ekspanderande univers. Derfor introduserte han ein tilfeldig
korreksjonsfaktor, det som i vitskapen uærbødig blir kalla ein "fiddle
factor", slik at universet likevel vart statisk.

Då vi var komne så langt som til 1929, hadde den amerikanske astronomen
Edwin Hubble vist oss at universet var veldigare enn vi hadde tenkt oss
og at mange av "stjernene" faktisk var uavhengige galaksar likeverdige
med vår eigen Melkeveg - og at universet utvida seg. Det var ingen veg
utanom, så "korreksjonsfaktoren" til Einstein måtte fjernast. Forskarane
vart tvinga til å vende seg i ei retning dei ikkje hadde særleg lyst til
å gå. Dette er eit faktum ein bør legge merke til når ein vurderer
sannhetsgehalten i big-bang-teorien.

Hubble teikna biletet av eit enormt univers med meir enn 100 milliardar
galaksar, og med kanskje 100 milliardar hovedsekvens-stjerner av
liknande type som vår ega sol. Og han skisserte eit univers med radius
på 10^26 meter. Ut frå farten galaksane fjerna seg med berekna han ein
konstant; Hubble-konstanten. Alderen til universet er den inverse
verdien av denne konstanten; 1/h.

Gjennom 1040- og 1950-åra var hovedteoriane i kosmologien pånytt
statiske. Steady-state-teorien hadde mest oppslutning. Den vart
formulert i 1948 av ein britisk og to austerikske astronomar; Fred
Hoyle, Hermann Bondi og Thomas Gold. Faktisk var det Hoyle som i
nedsetjande meining fyrst kalte den alternative teorien for "the hot big
bang theory". Men i åra etterpå måtte han tole å sjå sin eigen teori bli
erstatta av den same "komiske" big-bang-teorien.
Det var hovedsakleg arbeidet til den britiske radioastronomen Martin
Ryle og kollegane hans ved Cambridge-universitetet på 1960-talet som
gjorde at oppfatningane innan kosmologmiljøet endra seg.

Grunnlaget, og hovedargumentet for big-bang-teorien låg i det
vitskaplege arbeidet som hadde vore gjort på mekanismane bak utviklings-
prosessane i stjernene. I 1940-åra kunne Ralph Adler, Hans Bethe og
George Gamow forklare korleis hydrogen danna helium når universet oppsto
ved eit big bang. Hoyle sjølv kunne vise korleis dei andre, tyngre
grunnstoffa vart danna.

Vidare kunne Gamow vise at det måtte finnast "bakgrunnsstråling" i
universet dersom det hadde oppstått ved eit big bang. I 1964 oppdaga to
unge astronomar ved AT&T Bell Laboratories i Holmdel, New Jersey, denne
bakgrunnsstrålinga. Namna deira var Arno Penzias og Robert Wilson. Dette
var utan tvil den mest imponerande av observasjonane som støtta big-
bang-teorien, og det var ei uavhengig bekrefting av estimata som Hubble
hadde gjort.

Eg hugsar godt korleis stemninga var mellom forskarane seint på 1950-
talet og tidleg på 1960-talet mens dei tilpassa sinna sine til big-bang-
teorien. Steady-state-teorien verka så elegant vitskapleg og tilpassa
det tjuande hundreåret, mens big-bang-teorien verka, - vel, -
mytologisk. Eg hugsar det vart sagt at vitskapen si oppgåve var å finne
årsaker til verknader, men at vi her altså hadde den største verknaden
av alle, og utan årsak. Det verka berre ikkje som nokon svært original
ide, etter 2500 års hardt arbeid.

For meg seier det mykje om vitskapen at "hot-big-bang"-teorien vann fram
nettopp fordi det ikkje var den sanninga ein leitte etter. Dette kallar
eg ekte vitskap.

Det neste ubehagelege faktumet var muligheten for at Universet hadde
starta som ein singularitet - eit punkt med uendeleg tettleik og null
volum. Singularitetar er ikkje lette å forstå. Grafen for tangens til
ein vinkel som nærmar seg 90 grader rasar opp til uendeleg, mens
tangens til vinklar som berre er litt større enn 90 grader rasar ned frå
uendeleg. Men kva verdi har tangens ved nøyaktig 90 grader? Eg vil ikkje
seie at ingen veit det, men det er sanneleg ikkje ein verdi som er lett
å hanskast med. Tangens til 90 grader er ein singularitet. (Du kan prøve
å nærme deg tangens til 90 grader ved å starte med 89 på ein kalkulator,
og så legge på 9-tal etter kommaet opp til 89,999999.)

Det var arbeidet til dei britiske astronomane Stephen Hawking og Roger
Penrose på 1960-talet som kombinerte "opprinnelses-teorien" (teorien om
at universet faktisk "hadde" ein opprinnelse) med ideen om fysiske
svarte hol. Dermed vart universet si historie omgjort til innsida av eit
utovervrengt svart hol. Universet starta som ein singularitet. I
opphavet var ingenting - ingenting bortsett frå enorm energi. Ikkje rom,
tid eller materie. Tid = 0 er ein singularitet. Både vitskapsfolk og
teologar startar no med akkurat same utgangspunktet: "Før starten var
..... kva?"

Denne singulariteten minner om den kristne doktrinen om /creatio ex
nihilo/ (skapelse frå ingenting), som forresten fyrst vart klårt
formulert av ei kvinne som vart tvinga til å sjå sønene sine bli
torturert til døde ein etter ein. (Sjå andre Makkabearbok(1), kapittel
7, vers 23).

Ved Guds nåde er universet forståeleg. Gåta er ikkje det at vi ikkje
veit alt, men at vi i det heile kan vite noko. Veit tennpluggen korleis
motoren verkar?

Det var ut frå skapelsesforteljinga - forklaringa på alt - at vitskapen
kom, trongen til å forklare alt. Ingen ville ha likt big-bang-
forklaringa betre enn forfattarane til skapelsesforteljinga i dei to
fyrste kapitla i fyrste Mosebok.

                      ------------*-----------

Colin Price har forskar-utdanning, og har arbeidd som vitskapsmann og
som lærar, men er no forsamlingsprest.

Omsett frå New Scientist, 7 mai 1994, side 46

(1) Makkabearbøkene er "apokryfe" bøker som ikkje tradisjonelt har vore
vurdert gode nok til å kome med i den eigentlege Bibelen. Fyrste
makkabearbok verkar å vere i det minste delvis historisk mens andre
makkabearbok har meir myte- eller legende-preg.

----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt35c15