BARNDRAP.TXT

Filnamn:BARNDRAP.TXT                                          Firda BBS
Siste revisjon:02.09.94                                       blt35c17
----------------------------------------------------------------------

KVIFOR DREP BIBELENS GUD OG HERODES (FYRSTEFØDDE) GUTEBARN?

Det ser ut til å vere ein skrekkblanda fascinasjon ved barnedrap i
Bibelen. Gud har eit grusomt ønskje om å tileigne seg fyrstefødde.

-Abraham blir prøvd ved at det blir kravd at han skal ofre Isak, den
fyrstefødde (ekte) sonen sin, til Herren.
-Moses er fyrstefødd, og vert sett ut på elva (for å døy).
-I andre Mosebok drep Herren alle fyrstefødde (gute)barn i Egypt.
-Seinare fortel Moses til folket at alle fyrstefødde gutar, også i
Israelsfolket, skal høyre Herren til. Dette betyr eigentleg at dei
må drepast, men dei kan løysast fri ved at Herren istaden får eit
anna offer.
-Matteus-evangeliet let Herodes drepe alle (fyrstefødde?) gutebarn i
Betlehem og distriktet rundt. Dette er nok ikkje historisk, sidan
Matteus er einaste evangelisten som har med denne dramatiske
opplysninga. Det verkar urimeleg at dei andre skulle synest at det
var for uviktig til å ta med. Matteus-beretninga om Herodes sitt
barnedrap har snarare som funksjon å styrke Jesus-skikkelsen ved å
samanlikne han med utløysaren/frelsaren Moses, slik at Jesus skulle
bli ein meir sannsynleg Messias.

Kvar kjem denne groteske ideen om å drepe fyrstefødde (gutar) frå?
Det må vere ein skrekkvisjon Israelsfolket har hatt med seg frå
gammalt, og som har vore naturleg å hente fram som ei understreking
når dramatiske og viktige hendingar skjer.

Under opphaldet i Egypt fekk israelarane opplagt høyre om Kartago-
riket vest for Nilen. Utferda frå Egypt vert tidfest til 1250 f.kr,
og Kartago miste makta si fyrst rundt 200 f.Kr. og vart utsletta i
140 f.Kr. Det betyr at israelsfolket hadde høve til å bli minna på
skikkane i Kartago i heile den gammaltestamentlege tida.

For det måtte vere frå Kartago israelsfolket hadde henta
skrekkvisjonen med å ofre dei fyrstefødde til gudane.  Ein meiner at
kartagerane halshogg dei fyrstefødde (gute)borna sine som del av eit
religiøst ritual. I restane etter denne sivilisasjonen finn ein
store mengder spebarnkister med eit rom for hovudet og eit rom for
kroppen (sjå Asch/Gyld. store leksikon under Kartago). At gudane var
glade i barn var openbart i eit samfunn der minst 30% av barna
døydde. Den kartagiske skikken kunne ha samanheng med forsøk på å
blidgjere ein grusom barnekrevande gud.

Liste over Bibelstader som det er vist til over:
------------------------------------------------
1.Mosebok, 22,2
Då sa han (Gud): "Ta Isak, einaste son din, som du held så av, og
far til Moria-landet! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av
fjella som eg vil syna deg.!"

1. Mosebok 22,15:
...Herrens engel (ropa) til Abraham frå himmelen og sa: "Eg sver ved
meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje
sparte einaste son din, skal eg storleg velsigna deg..."

2.Mosebok, 11,4:
Moses sa: "Så seier Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara
gjennom Egypt. Då skal det døy, alt som fyrstefødt er i Egypt, frå
den eldste sonen åt farao til den eldste sonen åt trælkvinna som
står bak kverna, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen. Og i heile
Egyptarlandet skal det lyda eit skrik så fælt at det ikkje har vore
maken til det før, og ikkje skal verte det sidan.

2.Mosebok, 13,1:
Herren sa til Moses: "Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som
kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer
meg til."

2.Mosebok, 13,12:
Alt det fyrste som vert fødd i buskapen din, og som er av hankjønn,
høyrer Herren til. Det fyrste følet som eslet får skal du løysa med
eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det.
Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Og når son din
sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: "Med sterk hand førte
Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. Då farao gjorde seg hard og
ikkje ville late oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt,
både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle handyr som kjem
fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg.

Matteus 2,16:
Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande
harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og
grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med
det han hadde fått vita av vismennene om tida. Då vart det oppfylt,
det ordet som profeten Jeremia har tala:

                    Det høyrdest eit rop
                         i Rama
                    gråt og høg klage;
                    Rakel gret for borna sine
                    og ansa ikkje trøystarord.
                    For borte er dei.

Ottar Sande

----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt35c17