BRANHAM.TXT

Filnamn:BRODER.TXT                                            Firda BBS
Siste revisjon:13.01.94                                       blt35c5
----------------------------------------------------------------------

K A L L   M E G   I K K J E   B R O D E R
-----------------------------------------

Austin Miles er forfattaren av boka "Don't Call me Brother"
(Prometheus Books, 1989). Den fortel om erfaringane hans frå tida
som medlem av kirkesamfunnet "Assemblies of God Church". Boka er
fengande og gjev ei opprørande skildring av livet innanfor dette
religiøse miljøet. Den er sterkt å anbefale.

I månadsmøtet for Bay Area Skeptics i Juni 1990 heldt Miles eit
foredrag der han opent fortalde om korleis han hadde trudd og stola
på evangelistane, og hjelpt dei med deira løgn og bedrag i Guds namn.

Han fortalde om kor sjølvsentrerte og svikefulle nokre av
toppleiarane kan vere: Ved eit rådsmøte på Oral Roberts
universitetet fekk eit av rådsmedlemene hjerteinfarkt og fall om.
Topp-Predikanten Oral Roberts, som gjennom pengane og namnet sitt
er styreformann ved universitetet, la hendene på den liggande
mannen og ba om at han skulle bli helbreda. Når det viste seg å dra
ut med helbredelsen, beslutta dei å sende bod på ein ambulanse.

Seinare instruerte predikanten staben sin: "Dersom det nokongong
skulle hende noko slikt med meg, får de vere så gode å ringe etter
ambulansen fyrst. Deretter kan de be for meg."

   -------------------------- * -------------------------

Austin Miles var ein av dei fyrste til å avsløre den sjokkerande
svindelen og utruskapen til fjernsynspredikanten Jim Bakker i 1990.
Miles var sjølv ærleg truande, og måtte så og seie tvinge auga opp.
Men han hadde allereie lenge før sett teikn på at ikkje alt var som
det burde vere. Her fylgjer eit avsnitt frå boka hans, der han
fortel om korleis han for fyrste gong fekk opp augene for ein av
dei simple svindlarane i amerikansk religionsliv:


"Den største som nokon gong har eksistert," heldt han (Pastor
Bedzyk) fram, "var William Branham. Han hadde fått kunnskapens
nådegåve så detaljert, og såg alt så klårt at det ikkje kunne
tenkjast noko anna enn at det kom frå Gud. Og det kunne bevisast!
Sjølv dei mest herda skeptikarane fall på kne framfor han."

Eg hadde forsåvidt allereie høyrt litt om pastor William Branham.
Det hadde skjedd mange "mirakel" under han, og "kunnskapsnådegåva"
ga han eit så nifst klarsyn at sjølv Oral Roberts var misunneleg.
Pastor Roberts skal eingong ha klaga seg til ein ven: "Eg kan ikkje
forstå kvifor ikkje Gud har gjeve meg evna til å lese i
menneskesinnet slik William Branham gjer!"

"Du sa at Pastor Branham hadde ei `detaljert' kunnskapens nådegåve,
og at det var `bevist.' Korleis gjekk han fram?"

"Vel," svara Pastor Bedzyk, og eg kunne høyre begeistringa stige i
stemmen hans, "som du veit, er det nokre som trur at evangelisten
berre kan rope ut kva som helst, og så er det alltid nokon i salen
som vil svare. For å bevise at det ikkje var slike slumpetreff men
verkeleg kom frå Gud, ba Bill Bradham alle å skrive ned på eit
papir dei sjukdomane eller problema som dei ynskte at Gud skulle
hjelpe dei med. På den måten kunne alt kontrollerast og kunne ikkje
endrast. Så limte dei papirlappane inn i kvar sin konvolutt.

Når så alle stilte opp i bønerekkja, gjekk Bill Branham ned langs
rekkja og tok alle konvoluttane, og la dei i ein stabel framme på
talarstolen. Når kvar person kom fram, heldt broder Branham den
konvolutten opp i lufta. Så -- fortalde han personen alt han trong
og ynskte seg frå Gud. Deretter opna han konvolutten, og absolutt
alt, ord for ord slik han hadde sagt det, sto skrive der på
papiret! Det skjedde mirakuløse helbredelsar. Kreftsvulstane berre
datt av folk!  Mange av dei frammøtte fall skjelvande i golvet.
William Branham var truleg den mest salva av --"

Eg fylgde ikkje med i resten av det pastor Bedzyk sa. Plutseleg
kjende eg at eg vart kvalm. "Pastor Bedzyk -- kunne du tenkje deg å
køyre meg tilbake til pensjonatet? Eg kjenner meg ikkje heilt bra."

"Naturlegvis, naturlegvis, vi køyrer med ein gong."

Då vi var tilbake i bilen fortalde pastor Bedzyk vidare: "Broder
Branham sette verkeleg gudsfrykt i folk ein gong då to karar kom
opp og ba om forbøn, og begge sa at dei hadde mange alvorlege
sjukdomar. Dei hadde tenkt at dei skulle lure broder Branham. Han
la hendene på hovuda deira, starta å be, og ropte så med stor
vreide: `De har ingen av desse sjukdomane! De ville prøve å føre
ein Guds profet bak lyset! Veit de kva som vil hende med dykk? Eg
vil be Gud om å kaste på dykk kvar einaste av dei sjukdomane de
hevda at de hadde -- no med ein gong! Og de skal bli etne levande
av kvar av dei heslege sjukdomane de laug om!'"

Pastor Bedzyk klukka. "Dei to skurkane fall på kne, greip føtene
til broder Branham, og kyssa skorne hans. Dei tigga og ba han om
ikkje å kaste sjukdomane på dei. Det skal vere visst at dei fekk
seg ei lekse dei aldri vil gløyme, og dette var midt framfor fleire
tusen menneske. Broder Miles -- du ser ikkje frisk ut. Eg skal
køyre deg attende så raskt eg kan."

Det fyrste eg gjorde då vi kom attende til pensjonatet var å
springe inn på badet og kaste opp. Så la eg meg på senga og såg opp
i taket. I tankane var eg tilbake til Salinas i California, då eg
var tolv år gammal. Som mange andre gutar var eg svært interessert
i tryllekunstar, og hadde samla meg mange triks. Nokre hjelpemiddel
hadde eg kjøpt for pengar eg hadde tent på å gå med avisa, og andre
hadde eg laga sjølv etter å ha lese om dei i bibliotekbøker.

Medan vi budde i Salinas, kom "Foley & Burke Carnival" til byen. Då
dei sette opp vognene og telta la eg merke til ein plakat der det
sto "Senor Lopez -- Magikaren frå Mexico." Eg leita meg fram til
Lopez, helste på han og avtalte at eg skulle vere assistenten hans
gratis den veka for å få lære nokre tryllekunstar.

Ein kveld sa han, "Idag skal eg lære deg konvolutt-trikset." Dette
var eit `tankelesing'-triks som hadde forbløffa meg meir enn nokon
av dei andre. Folk i salen skreiv spørsmål på papirlappar saman med
namnet og adressa si, og la dei inn i attlimte konvoluttar.
Konvoluttane vart samla saman, og Senor Lopez gjekk i gang med å
"lese tankane" til publikum.

Med ei elegant og sikker mine tok han fyrste konvolutten, la den
mot panna og sa, "Kvar er Mary Johnson?"

Ein person i forsamlinga svara, "Her er eg."

"Spørsmålet ditt er -- `Eg miste ein verdfull øyrering med
diamantar sist tysdag. Den har stor affeksjonsverdi. Kjem eg til å
finne den att?'" Senor Lopez gjekk deretter i gang med å rive opp
konvolutten. "La oss sjå etter kva du skreiv. Ja, -- her er det--
`Eg miste ein verdfull øyrering med diamantar sist tysdag. Den har
stor affeksjonsverdi. Kjem eg til å finne den att?'"

Alle undra seg over korleis Senor Lopez kunne ha visst kva som sto
på lappen i den attlimte konvolutten. Men dette var ikkje alt, "Sjå
i skapet ditt," sa han. Du har eit par raude sko der. Øyreringen
datt av medan du var i skapet og han hamna nede i venstre skoen.

No var Mary Johnson svært opprømt. "Eg har verkeleg eit par raude
sko i skapet. Dette kan umogleg vere eit triks! Du kan verkeleg
lese tankar!"

Det vart stor og begeistra applaus. Senor Lopez tok deretter neste
konvolutten, sa nøyaktig alt som sto på lappen før han opna opp, og
ga råd om korleis problemet skulle løysast.

"Dette er eit av yndlingstriksa mine," sa Senor Lopez då han skulle
lære meg korleis det vart gjort. " Den fyrste personen som du les
tankane til er ein medsamansvoren -- i dette tilfellet Mary
Johnson. Du tar fyrst øyreringhistoria, eller noko anna du finn på.
Når du skal opne konvolutten til Mary Johnson er det eigentleg
konvolutten til den neste personen du skal `lese' tankane til. Du
let som om du les lappen til Mary Johnson, men les eigentleg det
neste person har skrive. Du er alltid ein konvolutt lenger framme
enn publikum trur. Dette er det mest imponerande av alle
tankelesartriks."

Den vidkjende pastor William Branham, handspåleggar og helbredar og
Guds profet, hadde altså berre brukt tryllekunstar. Med vilje hadde
han iscenesett dei falske teikna frå Gud for å manipulere sårbare
menneske. Ingen hadde nokon gong avslørt sanninga.

Då William Branham døydde i ein haustflaum som sopte gjennom
Louisville i Kentucky, ville ikkje disiplane hans begrave han. Dei
var sikre på at Gud ville vekke han frå dei døde på påskemorgon --
fire månadar etter. Påskemorgon kom og gjekk. Broder Branham var
like død. Til slutt begravde dei han.

(Henta frå BASIS august og september 1990, der det var attgjeve med
løyve frå Austin Miles)

----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt35c5