JUL.TXT

===============================================================================
     Date: 11-27-95    Time: 06:39p     Number: 2056   
     From: Magnus Itland@MAN             Refer: 0       
       To: ALL                        Board ID: ROLVSOY         Reply: 
  Subject: Jul og kristendom                74: Team/Religio   Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
I butikkane henger ivrige hender opp juledekorasjonen, og mange
stader i landet står trea alt tunge av snø.  Jula nærmar seg,
kanskje den høgtida som står folks hjarta nærast.

I eitpar innleiingar vil eg nemne litt om jula generelt, om
jula i kristen tru og tradisjon, og om dei tilsvarande heidne
høgtidene.  Ganske sikkert er det andre som har noko dei kan
legge til, slik at vi kan få ei både tankefull og hyggeleg
opptakt til julehøgtida.

JUL OG/ELLER KRISTENDOM

Vi oppfattar idag jula som ei kristen høgtid som er blitt utvatna
av materialisme.  Men opprinneleg var ikkje jula ein kristen
tradisjon.  Det er ikkje noko i Bibelen som tyder på at dei
første kristne feira Jesu fødselsdag.  Det er ikkje eingong nokon
stad nemnt kva dag eller årstid Jesus var fødd.  Midtvinter er
den minst sannsynlege tida:  Judea var og er eit fjell-land, og
det ville vore bikkjekaldt for gjetarar å overnatte utandørs
slik Lukas fortel om...

Då kristendomen vart ein etablert religion, skapte den også sine
eigne seremoniar og høgtider, ofte ved å adoptere frå andre.
Påsken vart adoptert med små endringar frå jødedomen, på grunn
av den nære samanhengen mellom den jødiske påskehøgtida og
drapet på Jesus, slik det er skildra i evangelia.

Jula kom til seinare, og vart meir eller mindre forsettleg lagt
til lysfesten kring vintersolsnu.  Romarane hadde rundt denne
tida allereie ei stor høgtid, og deler av denne gjekk inn i
kristendomen.  I nord-Europa var det også ei slik høgtid, og
dette gjorde det lettare for kristendomen å få innpass også her.
(Sjå også: "Jul og heidenskap".)

På grunn av denne utanom-bibelske bakgrunnen er det eindel kristne som
ikkje feirar jul.  Men for dei fleste kristne set pris på dette
høvet til å minnast Jesu kome til verda, og til å tenke over
inkarnasjonens mysterium.
(Sjå også: "Jul: Inkarnasjonen.)

itlandm@manhattan.bbs.no
---
 ■ 1st 1.11 ■ My cosmic consciousness is out.  Call back later.
===============================================================================
     Date: 11-27-95    Time: 06:39p     Number: 2057   
     From: Magnus Itland@MAN             Refer: 0       
       To: ALL                        Board ID: ROLVSOY         Reply: 
  Subject: Jul og heidenskap                74: Team/Religio   Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
JUL OG HEIDNE SKIKKAR

Jula var ikkje ein opprinneleg del av kristendomen, sjøl om der er
tradisjonar knytta til Jesu fødsel.  Dei ytre formene rundt høgtida
er i stor grad ein arv frå heidensk tid.  Dette tok til alt i
romarriket, men her i Nord-Europa er særskilte trekk frå vikingtidas
midtvinterblot blitt tekne opp i julefeiringa.

Sjølve ordet "jul" er eit urgamalt norrønt ord, og den opphavelege
tydinga har truleg vore "fest" eller "høgtid".  Ordet er innlånt til
finst to ganger:  I ei eldre urnordisk form (juhla) er tydinga
"høgtid", medan ei yngre form (joulu) har same tydinga som vårt "jul".
Medan engelskmennene tekkeleg skifta namnet til "kristmesse",
vart det gamle namnet jul nytta i norden, noko som viser kor liten
skilnaden på den tid må ha vore.

Midtvinter er den mørkaste tida på året, men også den tid då
lyset byrjar vende tilbake.  Jula var difor ei høgtid som såg
framover.  Det er mogleg at ein i svært gamal tid kan ha følt
det naudsynt å "styrke" lyskreftene med offer og bålbrenning,
men når vi kjem fram i historisk tid (vikingtida) var juleblotet
ein fest der grødeguden Frøy spela ei sentral rolle.

Frøy var guddom for avlekraft, grøde og fred, og hans symboldyr
var galte (og somme stader hingst).  I mytologien rei Frøy omkring
på den gyldne galten Gullbust, og like til denne dag er det vanleg
å ha på juleborda eit grisehovud, eit synleg symbol på at Frøy
er nær.

I heidensk tid var det ikkje nok med hovudet av galten, men jamvel
kjønnslemmet vart preparert og teke fram ved denne store høgtida.
Dette er det slutt på no, men noko av stemninga kan finnast att
i våre dagars firma-julebord ...

I tillegg til kjøt var øl ein viktig del av jula.  Då kristne
lover vart vedtekne i landet, vart kvar husstand pålagt å
brygge eit minstemål av øl til ære for Krist og Jomfru Maria.
Det vanka bot for dei som forsømte seg mot dette påbodet.

Skikken med å gje gåver i jula er meir usikker.  Tradisjonelt
er julenissen sagt å vere minnet om biskopen Nicholaos som
i forkledning delte ut gåver til fattige barn, men det er ikkje
noko som tyder på at dette særskilt høyrde jula til.  Vi veit
ikkje om gåve-skikken er adoptert frå heidensk tradisjon eller
kanskje tvert imot.

Om juletreet veit vi derimot at det er ei nokså ny oppfinning
(Strasbourg, byrjinga av det 17. hundreåret).  Først i dei
seinare hundreåra har denne skikken spreidd seg og blitt ein
sentral del av julefeiringa.  Dette skjedde lenge etter at
den gamle religionen var rydda ut av landet, så dette er
ein skikk oppstått ei ein rein kristen kultur.
Ironisk nok blir denne skikken forkasta som avguderi av
fleire kristne sekter...
 

itlandm@manhattan.bbs.no
---
 ■ 1st 1.11 ■ My cosmic consciousness is out.  Call back later.
===============================================================================
     Date: 11-27-95    Time: 06:39p     Number: 2058   
     From: Magnus Itland@MAN             Refer: 0       
       To: ALL                        Board ID: ROLVSOY         Reply: 
  Subject: Jul og inkarnasjon               74: Team/Religio   Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
JULA OG INKARNASJONENS MYSTERIUM

Trass i at dei første kristne ikkje ser ut til å ha feira jul, vart
denne høgtida sentral i kristendomen frå rundt 400-talet.  På den
tid hadde kristendomen fått form av ein religion, i motsetnad til
den svært lauselege rørsla den opprinneleg var.  Eit betalt presteskap
som ikkje lenger vart jaga, hadde tid til å setje seg ned og lage
ei lære om Jesus og grunne på inkarnasjonens mysterium:
At Gud vart menneske.
(Eller vart han det??)

Bibelen er ikkje så veldig spesifikk på dette ganske viktige punktet.
Dei første kristne slik dei er skilda i Apostelgjerningane, ba til
Gud og kalla Jesus for "Din heilage tenar Jesus".  Men ganske snart
vart det sagt rett ut at Jesus var Guds Son, med alt kva det kunne
tenkjast å bety.  (Uttrykket hadde på den tid fleire tydingar.
Det vart brukt om englar eller kanskje ei særskilt gruppe av englar,
slik vi ser det i det gamle testamente, og det kan også ha vore
brukt om ein ualminneleg rettferdig mann.  Såleis ser vi at offiseren
som var ansvarleg for korsfestinga i det eine evangeliet seier:
"Sanneleg, denne mannen var rettferdig" men i det andre seier:
"Sanneleg, denne var Guds son".  Mogleg kan det vere det samme
utsagnet som er tolka på to måtar, men dette er uklårt.

Det som er sikkert er at då kristendomen vart ein religion,
var Jesus allereie oppfatta langt på veg som Gud.  Støtte for
dette finn ein i fleire stader i det Nye Testamente, der
Jesus talar om at han er eitt med Faderen, at Faderen har
overlate dommen til Sonen, og at all makt i himmel og på jord
er gitt han.

Men korleis kunne den urkraft som skapte eit ordna kosmos,
kome inn i verda i form av eit menneske?  Dette er det ufattelege,
inkarnasjonens mysterium.

Ikkje uventa vart det tidleg fortalt historier om det underlege
ved Jesu fødsel.  Allereie i evangelia er det nemnt særlege
episodar.  Det mest dramatiske er at Jesus vart fødd av ei
jomfru.  Det er prøvt forklart i moderne skole at ordet "jomfru"
berre skal ha tydd "ung kvinne", men evangeliet er utvetydig på
at Josef ikkje hadde omgang med Maria før etter Jesus var fødd,
trass i at dei var flytta saman før.

Elles har vi eit utval av englar, vismenn (seinare forvanska til
kongar, opprinneleg truleg astrologar), og Herodes med sine soldatar
som jaga det stakkars Jesusbarnet.

Men likevel er det vanskeleg å forstå at Ordet kunne bli Kjøt,
at den evige Ånd som opplyser heile universet kunne kome inn
i verda i ein kropp slik som vår, eit sant menneske som vart
prøvt i alle ting på same måte som oss.  Det er vel verd å
tenke over.  Og ikkje først og framst tenke, men sjå:
Sjå det storslåtte i at ein gud kunne bli menneske og såleis
løfte heile menneskeslekta opp.

Ikkje for ingenting er det at den mørkaste tida på året vart
vald til skodeplass for denne feiringa:  For det er i menneske-
slekta sitt djupe mørke at det evige lyset stig inn og
bærer bod om ei forandring.

itlandm@manhattan.bbs.no
---
 ■ 1st 1.11 ■ My cosmic consciousness is out.  Call back later.
===============================================================================
     Date: 12-03-95    Time: 06:37p     Number: 1613   
     From: Christian Noname@DOM          Refer: 0       
       To: ALL                        Board ID: ROLVSOY         Reply: 
  Subject: Jul                              27: Team/Debatt    Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
GOD JUL til ALLE!

Jeg synes juleferinga er en kapitalistisk orgie i matrielle goder, god
mat og fråtsing. Folk mister hodet og bruker masse penger på ting som
egentlig er helt unødvendige.
Juleferinga er en gammel kulturarv fra da nordmenn trodde på de norrøne
gudene (Odin, Tor, osv.). Da kristendommen kom til Norge, fortsatte vi å
feire jul, men feiringa var ikke lenger til ære for Odin, men til ære
for Jesus. Nå er det vel heller tvilsomt om han ble født på akkurat
denne dagen (24. desember), det kan sikkert også diskuteres om han i
det hele tatt ble født på denne årstida.
I dag mener jeg at vi feirer jula til ære for _KAPITALISMEN_! Hele jula
er en eneste stor hyllest til penger. Jeg mener feiringa ikke lenger har
noe med det orginale innholdet å gjøre. Derfor er egentlig jula
meningsløs, i hvertfall på de nåværende premisser.
Når vi feirer jul, gjemmer vi oss bak den unskyldninga at Jesus ble født
på Juleaften. Det er derfor vi feirer. Men feiringa vår bærer preg av
pervers holdning til julebudskapet. Vi gir hverandre gaver og drukner i
mat og materielle goder. Hvis vi hadde forandret julebudskapet til et
budskap med kapitalistisk innhold (BRUK J.... MYE PENGER!), ville
feiringa vært mye mer ærlig.

Gruppa Primus sier i sin sang "To Defy the Laws of Tradition":
What if Christmas didn't come this Year
Who would cry the Biggest Tear
The Child or the Store

Dette setter pekefingeren på at jula er en høytid for næringslivet. Hvis
jula ble avlyst, ville næringslivet påføres store tap.
Jeg er klar for en holdningsendring til juleferinga slik den er i dag!

Jeg vil gjerne ha synspunkter på denne melinga...
===============================================================================