ASTRO-4.TXT - Astrologi (del II) av Shawn Carlson

Filnamn: ASTRO-4.TXT                                          Firda BBS
Siste revisjon: 15.01.94                                      blt15c44
-----------------------------------------------------------------------

(Omsett frå BASIS juni 1992, vol 11, no.6)

 A S T R O L O G I   ( D E L   I I )
====================================
 av Shawn Carlson, Ph.D.
 Dr.Carlson er medlem av staben på Lawrence Lab,
 og er medlem i styret av BAS.



(Del I av denne artikkelen sto i BASIS, mai 1992)

James Barth og James Bennett ved George Washington universitetet
tok for seg horoskopa til menn som hadde skrive seg inn på nytt i
det militære (Marine Corps) etter å ha gjennomgått fyrstegangs-
tenesta. Forskarane antok at desse personane sannsynlegvis hadde
eit meir "krigersk" sinnelag enn folk som anten aldri hadde gått
inn i det militære, eller var tvangsutskrivne.
Mars vert (i astrologien) assosiert med aggressiv og krigersk
oppførsel, mens Venus er assosiert med mildhet og passivitet. Sidan
teikna til Ørna (Aries) og Skorpionen (Scorpio) vert påstått å bli
"styrt" av Mars, hevdar tradisjonell astrologi at folk som er fødde
under desse teikna har ein tendens til å vere aggressive og
krigerske. Astrologane trur på andre sida at dei som er fødde under
Vekta (Libra), gjerne blir milde og medfølande. Barth og Bennett
fann ingen slik tendens. Fordelinga av Vekter, Ørnar og Skorpionar
var den same mellom marinesoldatane som ellers i samfunnet.
   Astrologar avviser slike studier ved å peike på at dei berre
fokuserar på eit einskildelment av fødselskartet. Astrologane
meiner at dei utnyttar mykje meir informasjon for å vurdere kor
aggressiv ein person er eller om personen passar til partneren.
Astrologar hevdar vanlegvis at tolkinga av fødselskartet er ein
"gestaltprosess" (dvs. dei vurderer eit heile, og kan dermed oppnå
eit anna svar enn det ein får frå ein enkelt av faktorane). Berre
ein erfaren profesjonell astrolog kan gjere slike vurderingar.
Sjølv om no dette skulle vere rett, må likevel dei individuelle
faktorane før eller seinare gje eit resultat som skil seg frå det
tilfeldige, dersom materialet er stort nok. Når det viser seg at
slike solide eksperiment som Smithers-studien, som tok utgangspunkt
i grupper på over to million menneske, ikkje kan finne spor av den
venta samanhengen, ser det ut til å vere små voner for den
astrologiske gestalten.
   Men, korleis det no måtte vere eller ikkje vere med dette, -
innvendingane til astrologane kan i alle fall imøtekomast gjennom
eksperiment der ein testar evnene deira direkte. Det er gjort
fleire arbeid av den typen.

Dobbelt blinde eksperiment
--------------------------
   I 1985 publiserte eg resultatet av eit nøye kontrollert
eksperiment. Målsetjinga var å gje dei ypperste astrologane ein
best mogleg sjansen til å gjere handverket sitt under kontrollerte
forhold, for å sjå om dei kunne skaffe nøyaktig informasjon om
menneske dei aldri hadde møtt.
   Tre anerkjende astrologar gjekk med på å fungere som rådgjevarar
for korleis eksperimentet skulle setjast opp. Det var også dei som
valde ut dei av kollegane sine som dei ansåg å vere dyktige nok til
å delta. I tillegg gjorde dei "worst-case" anslag over kor bra dei
i aller verste fall meinte resultata måtte bli, og dei attesterte
at dei ansåg forsøket for å vere ein "rettferdig test av
astrologien". Tjueåtte av dei nitti astrologane som rådgjevarane
hadde anbefalt gjekk med på å delta.
   Det skulle brukast frivillige testpersonar som grunnlag for
horoskopa. Desse forsøkspersonane vart fyrst psykologisk testa for
at ein skulle ha eit mest mogleg objektivt mål på karaktertrekka
deira. Astrologane valde ein mykje brukt og breitt anerkjend test,
den såkalla "California Personal Inventory"-testen (CPI), fordi det
var den testen som etter deira meining best kunne kartlegge dei
eigenskapane som er tilgjengelege gjennom astrologi. Ei datamaskin
sette så opp eit fødselskart for kvar forsøksperson.
   Eksperimentet besto av to delar. I fyrste delen vart fødsels-
karta fordelt mellom astrologane. For kvart fødselskart laga dei
astrologisk baserte personlegdomsprofilar som dekte område dei
følte seg sikre på ville kunne kjennast att som korrekte. Av desse
profilane fekk kvar forsøksperson utdelt tre; sin eigen, pluss
kopiar av to tilfeldig valde. Dei skulle så plukke ut den
profilen/det horoskopet dei meinte passa best til dei personleg.
Det vart sett i verk grundige kontrolltiltak for å hindre at
vurderinga deira skulle kunne verte påverka av andre faktorar enn
sjølve horoskopa. Dersom astrologi ikkje virkar, skulle ein vente
at berre ein tredel av forsøkspersonane ville velje den rette
personlegdomsprofilen. Astrologane sin eigen prognose var i verste
fall 50% rett. I den andre testen vart fødselskarta på nytt fordelt
mellom astrologane. For kvart kart fekk astrologane utlevert tre
CPI-testresultat der berre det eine galdt personen på
fødselskartet. Dei skulle samanlikne CIP-profilane med
fødselskartet og velje ut det dei trudde var den rette, pluss det
som kom nærast til å vere rett. Deretter skulle dei gje kvart av
testresultata ein "karakter" mellom ein og ti, alt etter kor godt
dei passa med den astrologiske tolkinga av fødselskartet. Dersom
fødselskarta ikkje inneheldt nokon informasjon om forsøkspersonen,
hadde astrologane altså ein sjanse av tre (33%) til tilfeldig å
trekke eit rett svar. Astrologane sin eigen "worst-case"-prognose
var også her på 50% rett.
   Oppsummeringa viste at forsøkspersonane berre greidde å finne
den rette astrologiske personlegdomsprofilen i ein tredel av
tilfella. No kan det innvendast at folk kanskje ikkje har så god
innsikt i seg sjølve at dei ville kjenne igjen sin eigen profil
uansett kor godt astrologien måtte fungere. Sidan CPI-profilane er
anerkjent rette, vart kvar forsøksperson også spurt om å velje rett
CPI-resultat frå ei gruppe på tre. Det viste seg då at dei heller
ikkje greidde dette. Dermed kan ikkje det at dei mislukkast i å
finne sin eigen horoskop-profil i seg sjølv brukast som argument
imot astrologien.
   Men no byggjer faktisk astrologane trua på evnene sine på at
klientane kjenner seg att i horoskopa, og opplever at dei er sanne.
Når forsøkspersonane feila i denne testen må det altså anten bety
at astrologien ikkje virkar, eller at folk ikkje kjenner seg sjølve
godt nok til å sjå at den astrologiske profilen er korrekt når den
vert presentert under kontrollerte betingelsar saman med to andre
alternativ. Korleis ein enn snur og vender på det viser altså desse
resultata at astrologane har liten grunn til å stole på evnene
sine.
   Astrologane greidde heller ikkje å finne ut kva CPI-ar som
skulle høyre saman med fødselskarta. Dei oppnådde same resultat som
dei ville greidd ved loddtrekking, og var langt (3,3 standardavvik)
ifrå sine eigne "worst case"-grenser. Sjølv når ein berre tok med
dei CPI-ane som astrologane meinte passa perfekt, og utelukka dei
andre, oppnådde dei ikkje noko betre resultat. Ingen av astrologane
gjorde det så bra at det var fagleg grunn til å teste dei vidare.
Så sjølv om dei på førehand hadde vore trygge på at dei skulle
bestå denne prøva med glans, strauk faktisk alle.

   Geoffrey Dean har gjort ein liknande forsøksserie. Etter å ha
testa over tusen menneske med Eysenck Personality Inventory (EPI),
valde han ut dei personane som fekk utterpunktresultata; ekstremt
emosjonell/ekstremt stabil, eller ekstremt utadvend/innadvend.
Ytterpunkta betyr i dette tilfellet dei to høgste/lægste
poengsummane mellom femten personar. "Dersom ikkje astrologien kan
vurdere korrekt dei to mest ekstreme personane av femten," meiner
Dean, "så er det opplagt ikkje noko håp for dei andre tretten. Dei
fleste astrologar meiner at desse karaktertrekka som Dean plukka ut
kjem sterkt til syne i fødselskartet.
   Dean prøvde fyrst med direkte data-analyse av ulike astrologiske
faktorar, for å sjå om dei kunne brukast, anten enkeltvis eller i
kombinasjon, til å skilje mellom forsøkspersonane. Ingen av
faktorane ga betre resultat enn ein ville vente ved rein slump.
Dean rekna med å bli møtt med argumentet om at berre erfarne
astrologar, - og i alle fall ingen datamaskiner - kan tolke eit
fødselskart korrekt. For å sikre seg mot slik kritikk ba han 45
astrologar om å prøve å skilje mellom dei ekstreme karaktertrekka
ved å studere fødselskarta. Han oppdaga at astrologane berre
greidde dette dersom dei fekk møte personane det galdt, og kunne
tolke kropps-språket deira. Dersom slike signal vart utelukka, fekk
astrologane like dårleg resultat som dei ville fått ved
loddtrekking.
Dean seier det slik: "I lys av den ubetydelege effekten intuisjon
ser ut til å ha, verkar det som det som vert tilskrive intuisjon i
astrologien, i realiteten berre er 'cold reading' (orakelsvar), og
knapt nok noko meir. Astrologar som ønskjer maksimal suksess og
tilfredse klientar kan derfor tene på å forlate astrologien (- som
metode, men ikkje som fasade) og basere seg på cold reading i
staden."
Dean oppdaga også at astrologane ikkje eingong var einige om
korleis ein skulle tolke fødselskarta for å finne dei ekstreme
faktorane.

Konklusjonar
------------
For å oppsummere: Astrologi ei urgammal form for spådomskunst som
har endra seg lite sidan den vart grunnlagt på overtru og
kunnskapsmangel for nesten fire tusen år sidan. Dei mange
anekdotiske suksess-historiane til astrologane er ikkje
overbevisande fordi anekdotiske vitnesbyrd lett vert endra gjennom
usikker observasjon, usikkert minne, fortrenging av dårlege
resultat og bevisst forvrenging. Når ein gjer nøyaktige
undersøkelsar av astrologane sine hovedidear finn ein ingenting som
kan gje dei trøyst. I kvar einaste test har astrologane sine
påstandar blitt tilbakeviste. Til og med når astrologane får
definere evnene sine sjølve, velje kven av deira likemenn som er
gode nok til å delta i testen, - når dei sjølve vurdere kor bra dei
kan vente å gjere det, og godkjenner testen som "rettferdig", sjølv
då oppnår dei ikkje betre resultat enn om astrologien ikkje virka i
det heile.
  Dersom astrologane er kunnskapsrike og flinke rådgjevarar kan dei
vere til nytte for klientane sine. Men dei fleste astrologar har
inga utdanning i rådgjeving. Mange har lært seg astrologi fordi det
var ukonvensjonelt og appellerte til deira eigen ukonvensjonelle
natur. Nokre få er ekte svindlarar som brukar astrologien som eit
lokkemiddel for å lure godtruande menneske. Personar som har
verkelege problem inviterer til katastrofe dersom dei søkjer
astrologisk rådgjeving. Ein er mykje tryggare i hendene til ein
utdanna, autorisert, erfaren og respektert rådgjevar.
   Samfunnet krev sikringsreglar for å verne publikum mot
sjarlatanisme, svindel og kvakksalveri. Vi krev med full rett at
utøvarar av viktige yrke skal kunne demonstrere framfor upartiske
observatørar at dei kan levere dei tenestene dei tek seg betalt
for. Når ein tek i betraktning den effekten astrologane kan ha på
liva til folk, er det klart at ein burde kreve like mykje av dei
som av bilmekanikarar, røyrleggarar, frisørar og andre
yrkesgrupper. Dette betyr to ting. For det fyrste bør ein kreve at
astrologane skaffar seg autorisasjon som rådgjevarar før dei får
løyve til å drive rådgjeving. Deretter må dei slutte å annonsere
med tenester dei ikkje kan vise at dei kan utføre.
   Astrologane kan med rette hevde at dei har tileigna seg eit
språk til å kommunisere om psyken med, og kan bruke det på ein måte
som mange synes er innsiktsfull. Dei må imidlertid slutte å hevde
at dei kan skaffe fram påliteleg informasjon om ein person, berre
ut frå fødselskarta, når dei ikkje i dobbelt blinde forsøk kan
påvise at dei har slike evner.
   Astrologi må oppfattast som eit trugsmål mot folkehelsa, og må
følgjeleg bekjempast.

Shawn Carlson, juni 1992.

----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt15c44