ASTROVIT.TXT - Astrologi og vitenskap

Filnamn: ASTROVIT.TXT                                         Firda BBS
Siste revisjon: 30.04.94                                      blt9c2
-----------------------------------------------------------------------

ASTROLOGI OG ASTROFYSIKK
VITSKAPLEG METODE
VITSKAP OG PARAVITSKAP

Cornelis de Jager.

   Astrofysikken har såvisst sine astrologiske røter. For dei
gamle, som levde på ei flat jord, kunne stjernehimmelen ikkje
vere anna enn ein kuppel over den då kjende verda, som hadde
ein radius på nokre få hundre mil.
Forbløffande nok var det, mellom dei faste stjernene, også
andre gjenstandar; dei vandrande stjernene eller planetane.
Dei fleste av dei lyste sterkare enn dei faste stjernene, og
dei streifa rundt i tilsynelatande heilt uregelmessige stiar
på stjernekuppelen. Det var ei heilt logisk slutning, ut frå
dei gamle sin filosofi, at desse planetane var i gang med å
overbringe bodskapar frå gudane til dei dødelege under. Det
var sjølvsagt ytterst viktig å finne ut kva desse meldingane
betydde, og det hadde difor høgste prioritet å studere
planetane nøye. (Dessutan kan det vel også ha vore ein stor
porsjon nysgjerrigheit med i motivasjonen til forfedrane
våre).
   Ettersom studiane skreid fram oppdaga ein visse lovmessige
samanhengar i planetrørslene, og ein lærte seg etterkvart å gå
meir analytisk til verks i planetstudiane. Dermed forandra
astrologien seg til astronomi. Modellar for planetrørslene
dukka opp - Ptolemaios-modellen er best kjend,- men dei
astrologiske røtene var der gjennom heile antikken, og vart
ofte blanda saman med astronomien. Lenge var det ikkje eingong
nokon skilnad i namn. I tillegg var universbegrepet nesten
utelukkande bygd på den Platoniske tanken om at det måtte
eksistere ideell ide-verd, og at den realiteten vi observerar
berre er ei slags primitivt og ufullstendig avspegling. Sinna
våre inneheldt sikker kunnskap om realitetane, fordi vi kunne
ane dei eigentlege ideane bak dei vekslande sanseinntrykka.
   I samanheng med dette dukka spørsmålet om Ptolemaios var
ein svindlar opp i vitskapleg litteratur. Ein veit at han av
og til valde som eksempel nettopp dei eksperimentelle data som
passa best til modellen, og det ser ut til at han i andre
tilfelle ikkje nølte med å endre på data for å få dei til å
passe betre. I dag ville det blitt kalla sikre bevis på
vitskapsforfalsking, men i lyset av dei platonske ideane i den
hellenske tidsalderen var det ikkje rekna å vere feil å gjere
slikt.
   Den grunnleggande tanken om at vitskapen burde vere
empirisk, - og at observasjonane måtte kome fyrst, og tolkinga
deretter, - dukka  i tydeleg form fyrst opp ved slutten av
middelalderen. Vel var der nok opplyste sinn også før den tid,
men på andre sida har neoplatonske idear overlevd i beste
velgåande heilt fram til i dag.
   Renessansen og perioden etterpå viser mange eksempel på
kampen for å oppnå eit klart begrep om den vitskaplege
metoden. Kopernikus, som på eine sida var ein forkjempar for
revolusjonære idear, hadde framleis neoplatonske idear. T.d.
den antakelsen at planetane bevega seg i sirkelbaner. Ein
antok at det måtte vere slik fordi sirkelen var ansett å vere
den mest perfekte strukturen, og fordi "Gud alltid hanllar
geometrisk" (Pytagoras). Systemet til Brahe, som på eine sida
var eit tilbakesteg i høve til Kopernikus, passa faktisk betre
med observasjonane. Det kan ha vore ein medverkande grunn til
at det tok meir enn eit halvt hundreår før ideane til
Kopernikus vart aksepterte, - og då berre av ei lita gruppe.
Faktisk var det fyrst etter Galileo og Kepler at ideane hans
vart meir alment aksepterte, men då i ei forbetra og
modifisert form.
   At Roger Bacon (13 hundreåret), men også Tycho Brahe (16
hundreåret) og til og med Newton, dreiv med alkymi kan synast
underleg i våre auge, men alkymistudiet hadde det fortrinnet
at det la vekt på den empiriske arbeidsmåten, - i motsetnad
til astrologien.


DEN VITSKAPLEGE METODEN?

   Vitskap er dei samla menneskelege bestrebelsane etter å

     - oppdage og beskrive strukturen og opprinnelsen til alt
     som omgjev oss, og å
     - forstå årsaks-samanhengane mellom hendingar, og finne
     lovene som styrer dei.

   Dermed er vitskapen basert på den antakelsen at dei same
råmebetingelsane vil gje same resultata. Men i naturen finn
ein aldri nøyaktig dei same råmebetingelsane to gonger. Lovene
vi lagar er derfor abstraksjonar. Og desse abstraksjonane er
dessutan gyldige berre til det neste gong vert gjort
observasjonar som gjer at dei må forbetrast eller korrigerast.
Etter som tida har gått har breidda og volumet av den
menneskelege kunnskapsmengda auka enormt, men der er grader og
nivå i kunnskapen vår: Medan visse lover er svært godt
etablerte og kan betraktast å vere så godt som absolutt
"sikkert sanne", finn ein dei interessante felta heilt i
kanten av kunnskapsområdet vårt, der den vitskaplege slagmarka
ligg. Det er der dei verkelege eventyra innan vitskapleg
framgang skjer, med alle dei store suksessane og skuffelsane.
   Spørsmålet reiser seg då om det finst nokon ekte og
standardiserbar "vitskapleg metode". Etter mi meining gjer det
det ikkje. Vitskapleg forsking er bruk av logikk, fornuft, og
erfaring for å tolke observasjonar i deira mest generelle
form. Opp gjennom hundreåra har menneskeslekta utvikla og
skjerpa teknikkar til å dedusere "lover" ut frå observasjonar,
eller for å kontrollere om ein vitskapleg konklusjon (eller ei
ny vitskapleg lov) er meir korrekt enn tidlegare lover, men
metodane er ulike og mange.
   Nokre av desse kriteria er:

     -Argumentasjonen må vere logisk og rasjonell.
     -Argumentasjonen må vere fullstendig og tilstrekkeleg;
     der skal ikkje vere "hol" i argumentasjonen.
     -Hypotesen må vere falsifiserbar; og den eksperimentelle
     bekreftinga må vere etterprøvbar.
     -Den enklaste måten å sjå det på er ofte den beste
     (Occam's razor).
     -Sjansen for eit tilfeldig samantreff mellom data må vere
     så liten at ein kan sjå bort frå den.
     -Svært usannsynlege eller ekstreme påstandar må møtast
     med stor forsiktighet og innebygd mistanke, og treng
     ekstremt god bekrefting og underbygging.

   Så skal ein likevel ikkje gløyme det dialektiske aspektet
at dei mest framgangsrike og produktive vitskapsfolka i mange
tilfelle akkurat er dei som vågar å kaste fram ein ny hypotese
på basis av nye data som nettopp har dukka opp, eller på
sparsom og primitiv informasjon, - ofte styrt av intuisjon
(som ikkje er noko anna enn kondensert og rik erfaring), i
staden for å bygge på ei overveldande og overbevisande mengde
av tilgjengeleg informasjon.
   Skilnaden mellom vitskap og pseudovitskap/kvasivitskap, er
at den sistnemnde ikkje rettar seg etter somme eller alle av
dei kriteria som er nemnde over.

   Pseudovitskapen-
     -aksepterer resultat som manglar bekrefting av god nok
     kvalitet.
     -stryk eller endrar empiriske data som ikkje passar med
     ein yndlingsantakelse eller teori, eller vel ut dei data
     som passar best.
     -brukar samantreff eller korrelasjonar som bevis, og
     reknar korrelasjon for å vere det same som
     årsakssamanheng.
     -legg ofte urimeleg vekt på sjølve teorien, og ventar at
     den skal gje forklaring på alt som enno ikkje er
     forstått.


Dette er eit utdrag av artikkelen "Adventures in Science and
Cyclosophy" side 167-172 i Skeptical Inquirer vol.16,no.2,
Winter 1992

Forfattaren Cornelis de Jager er astrofysikar ved Laboratoriet
for Romforsking, Sorbonnelaan 2, 3584 CA Utrecht, Nederland.
Denne artikkelen la han fyrst fram på den internasjonale
skeptikarkonferansen ved Det Frie Universitetet i Brussel i
Belgia, 10- 11 August 1990. Eit vidareføring av teksten (også
av de Jager) er tilgjengeleg som fil på FIRDA BBS under namnet
TALTRIKS.TXT. Omsetjingane er gjort av Ottar Sande, Firda BBS,
boks 271, 6860 Sandane.

----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt9c2