Filnamn: AYURVDA2.TXT Firda BBS
Siste revisjon:01.02.94 blt15c36
-----------------------------------------------------------------------
"ALTERNATIV" HELSE-ARTIKKEL I ANERKJENT TIDSSKRIFT
===================================================
Det var ein stor triumf for Transcendental Meditasjon-bevegelsen då
det amerikanske prestisjetidsskriftet JAMA (Journal of the American
Medical Association) publiserte artikkelen "Maharishi Ayur-Veda: Modern
Insights into Ancient Medicine" i mainummeret 1991.
RESPEKTERTE FAGFOLK?
--------------------
Artikkelen som kom i det internasjonale temanummeret sto rett nok ikkje
saman med dei vanlege vitskaplege artiklane, men var presentert i ei
eiga avdeling som "Eit brev frå New Delhi". Forfattarane var Deepak
Chopra, M.D., president i den amerikanske foreininga for ayurvedisk
medisin, Lancaster, Massachusetts, Hari M. Sharma, M.D. professor i
patologi ved Ohio State University College of Medicine i Columbus, og
Brihaspati Dev Triguna, ein utøvar av ayurvedisk medisin i New Delhi,
India.
INTERESSEKONFLIKT?
------------------
Forfattargruppa sto fram som uavhengige fagfolk, og hadde underskrive
ei erklæring om at dei ikkje hadde tilknyting til nokon organisasjon som
kunne tenkjast å ha økonomisk interesse av å få artikkelen publisert.
(Slike interesse-konflikt-formular må alle artikkelforfattarar i JAMA
skrive under på før publikasjon vert tillate.) Seinare skulle det tvert
imot vise seg at forfattarane er sterkt involvert i sal og marknads-
føring av nettopp dei produkta og tenestene dei skreiv om i artikkelen.
Maharishi Ayur-Veda er nemleg ikkje identisk med det antikke indiske
helsefilosofi-systemet Ayurveda, men er handelsnamnet på produkt innan
"alternativ helse" som vert marknadsførte av Maharishi Mahesh Yogi.
Maharishi og organisasjonen hans har forhandla "helse"-produkt sidan
1985, og Deepak Chopra har vore president, eineaksjonær, kasserar og
sekretær for for denne delen av Maharishi-imperiet.
MAHARISHI MAHESH YOGI
---------------------
Maharishi Mahesh Yogi er den hinduiske swamien som grunnla
Transcendental Meditasjon-rørsla (TM). Gjennombrotet på vegen til
rikdom og berømmelse kom i 60-åra då "the Beatles" ei kort stund var
mellom disiplane hans. Idag herskar guruen over eit imperium med ei
omsetjing som kan reknast i milliardar av US-dollar, og har mange tusen
trufaste følgjesveinar og støttespelarar. Mange av desse har fram-
ståande stillingar innan vitskap, medisin, utdanning, nyhetsformidling,
og underhaldning.
AYUR-VEDA SKAL SKAFFE PENGAR
----------------------------
Maharishi Ayur-Veda er det siste utspelet frå denne organisasjonen for
å få auka påmelding til TM-kursa. Det er gjennom desse kursa nye
medlemer vert rekrutterte og det er her det meste av inntektene hittil
har kome ifrå.
Dersom Ayur-Veda-satsinga lukkast vil Maharishi kunne ta inn titals
millionar på sal av urtekurar, oljar, tear, aromablandingar, helbredande
smykke, hinduistiske horoskop, bøker, lydband og videoband og diverse
tenester som brukar Maharishi sitt namn.
AUKANDE SKEPSIS I JAMA-REDAKSJONEN
----------------------------------
Fire dagar før publikasjonsdatoen, og etter at dei ferdigtrykte
tidsskrifta var sende ut til distributørane, fekk ein av vise-
redaktørane, Andrew Skolnick, lese artikkelen for fyrste gong. På det
tidspunktet var han ikkje klar over at TM-organisasjonen hadde starta
satsing på "alternativ" helse, men visste om at dei dreiv systematisk
svindel i marknadsføringa av TM-sidhi-kursa sine, der deltakarane skal
lære "Yoga-flyging".
Merkelege påstandar frå TM-tilhengarane
---------------------------------------
Når ein meistrar TM-sidhi, seier dei truande, kan ein gå gjennom veggar,
verte usynleg, bli sterk som ein elefant, setje aldringsprosessane i
revers, og lære å flyge gjennom lufta utan hjelpemiddel. I tillegg
hevdar Maharishi-tilhengarane at når store grupper driv yoga-flyging
samtidig, vert veret betre, trafikken går glattare og det vert mindre
krig i verda.
Tidlegare medlemer av TM-rørsla seier at "yoga-flyginga" går ut på at
ein fyrst mediterer og seier fram ei rekkje hinduiske mantra fleire
gonger, og deretter hoppar opp og ned i fleire minutt mens ein held
føtene over kors i lotus-stilling. Tilhengarane derimot, seier at det
ikkje er snakk om hopping, men sveving, og at det finst hundrevis av
vitskaplege arbeid som beviser at dei snakkar sant.
JAMA-REDAKSJONEN BESTEMMER SEG TIL Å FØLGJE OPP SAKA
----------------------------------------------------
Viseredaktør Andrew Skolnick kontakta straks fagfolk i det amerikanske
Nasjonalrådet mot helsesvindel NCAHF, og ba om informasjon om Maharishi
Ayur-Veda. Det han fekk vite gjorde det klart at JAMA-redaksjonen hadde
blitt ført bak lyset. Hovedredaktør George Lundberg, M.D. ga Skolnick i
oppdrag å skrive eit innlegg for å avsløre forfattarane av Ayur-Veda-
artikkelen, og vise kva organisasjonen deira sto for.
Drepande avslørande artikkel
----------------------------
Artikkelen til Skolnick kom så ut 2. oktober i JAMA Medical News and
Perspectives under tittelen: "Maharishi Ayur-Veda: Guru's Marketing
Scheme Promises World Eternal 'Perfect Health.'"
Artikkelen viser korleis TM-rørsla systematisk har brukt
desinformasjon, bedrag og manipulering av vitskaplege nyhetsmedia for å
gje inntrykk av at Maharishi-Ayur-Veda var eit fagleg respektabelt
tilbod. På same tid skulle kampanjen drive opp omsetninga av dei
ekstremt lukrative TM-helseprodukta og tenestene.
Eit døme er urte-eliksiren "Maharishi Amrit Kalash," som kostar $1000
for eit års forbruk. Chopra seier at alle bør ta denne medisinen (som
kurerer og forebygger alt) to gonger dagleg.
Billeg eller dyrt?
------------------
Chopra hevdar at Ayur-Veda-helsesystemet er langt meir
kostnadseffektivt enn konvensjonell medisin. Men dei årlege utgiftene
til dette eine preparatet går opp i meir enn 40% av dei totale
gjennomsnittlege helsekostnadane pr. person i USA. Men dette er berre
blåbær samanlikna med kva det kostar å få Maharishi-Ayur-Veda-
behandling dersom du verkeleg blir sjuk. Til dømes kan det koste meir
enn $10.000 å få utført ein seremoni som blidgjer gudane eller å kjøpe
Jyotiske smykker som gjenopprettar helsa.
Tillitvekkande presentasjon:
----------------------------
Ein av årsakane til at JAMA-redaksjonen hadde late seg lure, var at TM-
rørsla har greidd å infiltrere dei vitskaplege institusjonane og media i
imponerande grad.
Då redaktørane fekk manuskriptet i hendene kjende dei ikkje til
bedrageriet TM-rørsla hadde å svare for. Dei visste derimot at to av
forfattarane hadde ypperleg medisinsk og akademisk bakgrunn.
Forfattarane kunne også vise til publiserte artiklar i prestisje-
tidsskrift som støtta påstandane deira. Ein av desse var artikkelen i
"Journal of Conflict Resolution" (desember 1988) som hevda å kunne vise
at ei gruppe yoga-flygarar i Israel hadde fått nivået av valdshandlingar
i Libanon til å minke. Dei kunne også vise til at National Cancer
Institute hadde gjeve forskingsstipend til Sharma og andre for å studere
effekten av urte-eliksiren Maharishi-Amrit-Kalash.
EINDEL TM-TILHENGARAR HAR STOR INNFLYTELSE
------------------------------------------
Mellom TM-tilhengarane er fagfolk ved mange vel ansette medisinske og
vitskaplege institusjonar. Sharma er professor i patologi og direktør
for avdelinga for kreftførebygging og naturprodukt-forsking ved Ohio
State universitetet.
Andre som har forbindelsar med Chopra er Steele Belok, M.D. og Amy
Silver, M.D. som begge er lærarar ved Harvard medical School. Agnes
Lattimer, M.D. er medisinsk fagleg leiar ved Cook County Hospital i
Chicago, Kelvin O. Lim, M.D. er assisterande professor psykiatri og
atferdsfag ved Stanford School of Medicine, Barry Marmorstein, M.D. er
assosiert professor ved University of Washington School of Medicine.
S.M. Miram er direktør for den kirurgiske akutt- og skadeavdelinga ved
Howard University School of Medicine.
Ved å bruke desse godt plasserte medisinarane og akademikarane har TM-
rørsla greidd å framstå med ein respektabel front under marknadsføringa
av Maharishi-Ayur-Veda:
-Dei har gjort det mogleg for TM å få American College for Preventive
Medicine for til å godkjenne Maharihi-Ayur-Veda-kurs som etterutdanning
for legar, - for andre gong på rad.
-Dei har medverka til at NCI (National Cancer Institute) for tida
finansierar 11 forsøk som skal undersøke verknaden av mineral og urte-
blandinga Maharishi-Amrit-Kalash, - trass i at samansetnaden av
preparatet ikkje eingng er gjort kjend!
-Deira autoritet har påverka National Institutes of Health til å stille
lokal til introduksjons-seminar i Maharish-Ayur-Veda, og amerikanske
universitet til å gje TM-rørsla lokal og plass for undervisning i Yoga-
flyging.
AVSLØRINGA GA TM PROBLEM Å HANSKAST MED:
---------------------------------------
Trass i den utvilsomme gevinsten ved å kunne vise til ein artikkel
publisert i JAMA, har avsløringa som fylgde etterpå skaffa Mahrishi-
tilhengarane eindel problem:
-I England fann legerådet (General Medical Council of Great Britain) to
TM-legar skuldige i alvorleg tenesteforsøming, og strauk dei frå lege-
registeret fordi dei hadde brukt Maharishi-Ayur-Veda som behandling mot
AIDS.
-Maharishi sjølv har kunngjort at han stenger ned avdelinga i Washington
D.C. og flyttar dei tilsette til Fairfield i Iowa.
-Som eit resultat av avsløringa i JAMA går no dei amerikanske helse-
styresmaktene TM grundig etter i saumane.
-Den mest overraskande effekten må likevel vere samanbrotet av
president Kenneth Kaunda sitt 27-årige styre i Zambia. Etter det eit
medlem av Anti-Kaunda-koalisjonen seier, hadde diktatoren planar om å
gje 25% av landet til TM-rørsla. Ifølgje den same kjelda var det JAMA-
avsløringa, som vart vidt kjend i Zambia, som hadde æra for at Kaunda
fall ved valet i oktober -91. Maharishi-emissærane rømde raskt ut av
landet etter at Kaunda miste makta.
Uansett kor oppmuntrande resultata av JAMA-aksjonen kan synast å
vere, er det nok illusorisk å tru at føtene er slått under Ayur-Veda-
satsinga med dette. TM har hatt stor framgang med Maharishi-Ayur-Veda
også i Europa, og det er viktig å vere klar over kva dette er for å
kunne møte det på ein fornuftig måte.
Dette er i det alt vesentlege bygd på omarbeidde utdrag frå ein artikkel
av Andrew Skolnick i Skeptical Inquirer vol 16, pp 254-259, som
opprinneleg var publisert hausten 1991 i ScienceWriters, månads-
bulletinen til den amerikanske foreininga for vitskaps-skribentar.
Ottar Sande, 16.06.92
----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
Firda BBS
blt15c36