DEBUNKER.TXT - Spåkoner, svake sjeler og skeptikarar

Filnamn:DEBUNKER.TXT                                          Firda BBS
Siste revisjon:                                               blt15c7
-----------------------------------------------------------------------

S p å k o n e r,  s v a k e   s j e l e r   o g   s k e p t i k a r a r

Publikum er kanskje ikkje så lettlurte som vitskapsfolk vil ha oss til å
tru, seier Alison Brooks.

Tilhengarane av avis-horoskop, spådomskunstar og andre pseudovitskapar
har for lengst vist seg å vere upåverkelege for logiske argument. På
nytt og på nytt blir rekkjer av slike sannseiingsteknikkar lagt døde av
ærlege forskarar. På nytt og på nytt finn forskarane ut at det ikkje
spelar det minste rolle for populariteten til sjarlatankunstane om dei
klart demonstrerer at alt er berre tull. Den vanlege konklusjonen som
vert dregen av dette er at "publikum" er håplaust uvitskaplege og
irrasjonelle.
  Til dømes har den engelske zoologen Richard Dawkins skrive at
"Kritikklaus godtru av den typen som astrologar, evangelistar og andre
sjarlatanar utnyttar, kan vere normalt og sunt for eit barn, men er
usunt og kritikkverdig for ein vaksen" (Skeptical Inquirer, bind 12, nr
1, s 35). Vitskapsfolk har også ein tendens til å tru at dersom
utdanninga i naturfag vart styrka, ville pseudovitskapane visne og døy.
Til dømes seier den amerikanske astronomen Carl Sagan det på denne
måten: "Kvar einaste avis i Amerika har ein dagleg astrologispalte. Kor
mange aviser har astronomispalter, - om ikkje anna så ein gong i veka?
Og eg trur at utdanningssystemet har ein del av skulda, Vi lærer ikkje å
tenkje" (Skeptical Inquirer, bind 12, nr 1, s 46). Kort sagt meiner
Sagan at pseudovitskapane blomstrar og tek opp ein plass i samfunnet,
som eigentleg vitskapen sjølv skulle ha hatt. Og for å sitere han ein
gong til: "Dersom vitskapen vart forklart til gjennomsnittspersonen på
ein måte som var tilgjengeleg og spennaned, ville det ikkje vere plass
att for pseudovitskapen."
    De må ha meg unnskyldt om dette høyrest kjettersk ut, men eg
mistenker at dei ærlege vitskapsfolka har oversett noko viktig. Eg
meiner ikkje at ein skal slutte å motseie og tilbakevise
pseudovitskapane. Eg seier absolutt ikkje at svindlarane som tener
pengar på svake grupper og sjuke menneske skal få noko anna enn den
forakten dei fortener (og fengselsstraff i dei tilfella der det er det
rette). Det eg seier er at ærlege sanningssøkarar ikkje bør bli så
fortvilte når reaksjonane på arbeidet deira uteblir, og astrologien held
seg like populær trass i at det blir demonstrert at den "ikkje virkar". 
Det ser ut for meg som om mange av dei som arbeider mot pseudovitskapane
meiner at folk trur på astrologi, og at om dei berre fekk sjå klart at
det var ein falsk vitskap, ville folk straks snu ryggen til heile
astrologien. Det er der feilen ligg.
    Dei fleste som les horoskopet sitt i morgonavisa veit godt at det
ikkje er sant. Og då vil ikkje forskingsresultat og demonstrasjonar
spele nokon rolle frå eller til. Kanskje vil til og med folk glede seg
meir over horoskopa dersom dei vert sikrare på at det berre er tull.
Sjå det på denne måten: Dersom horoskopa var sanne, ville dei skape
stadig uro og angst. Livet ville vere styrt av krefter vi ikkje hadde
kontroll over, og som kunne øydelegge oss kva tid som helst. Økonomien
er ei reell kraft av denne typen. Vi kan ikkje kontrollere den, og om
den kanskje ikkje fysisk kan ta livet av oss, kan den i alle fall gjere
livet lettare eller hardare. Trur verkeleg nokon for alvor at horoskopa
blir lesne - av det overveldande fleirtalet av lesarane - på same måten
som finanssidene blir?
    Nei, horoskopa er trygt forankra i fantasiverda og kan lesast for
moro skuld. Dei utgjer eit spennande "tenk om det er slik"-spel.
Oppbygninga er kort og fyndig og underhaldande. Det er ikkje snakk om
djuptgåande analysar av den typen ein kan finne på finanssidene. "Du kan
kome til å bekymre deg over pengespørsmål," seier horoskopet. Finanssida
kan starte på same måten, men går snart ned i detaljar kring måtar å
unngå slik bekymring på. Dersom horoskopa vart lesne på same måten ville
dei også innehalde detaljerte forklaringar på korleis ein kan unngå den
mindre ulukka som står i fare for å inntreffe neste tysdags morgon. Eg
er forresten sikker på at ein måtte tenke seg nøye om når ein las om
framtida si, og planla kva ein skulle gjere, tilbake i dei tidene då
astrologien vart rekna for å vere sann.
    Astrologane i gamle dagar måtte vere nøye med å ikkje forutseie noko
som kunne lastast dei dersom det gjekk i oppfylling. Det er ikkje
overraskande at alle astrologane som vart rådspurde forutsa at det
andre barnet til Henrik VIII kom til å bli ein gut (det viste seg å vere
ei jente - Elizabeth I). Det var risikabelt å vere astrolog i dei dagar.
Eg undrast på om den aukande interessa for å saksøke yrkesutøvarar som
gjer tabbar kjem til å breie seg til astrologien. Kan astrologar
saksøkast for spådommar som slår feil på same måten som legar vert
saksøkte for behandlingstabbar? Då ville astrologien bli eit risikabelt
yrke på nytt, og det kunne føre med seg interessante endringar i den
edle spådomskunsten.
   På same måten som naturvitarane som kritiserer dei, ser det også ut
som om astrologane sjølve har gått glipp av poenget - at folk eigentleg
ikkje trur på horoskopa deira. Kan hende høyrer dei til den ørvesle
minoriteten av folk som faktisk lar seg lure av greiene, eller kanskje
trur dei ganske enkelt at publikum vert lurte. Uansett er horoskopa så
ulne og lite konkrete at dei nesten kan gje folk avsmak. "Du kan kome
til å bekymre deg over pengespørsmål.." Kvifor ikkje noko som det
verkeleg er litt fart i? På denne måten ser det ut som dei "synske" som
livar opp pressa kvart år ved nyttårstider - i det minste i USA - har
forstått publikum betre. Spådommar som at California vil gli ut i havet,
at presidenten vil bli bortført av romvesen og at ei eller anna
filmstjerne vil føde barn som 65åring i det nye året er verkeleg stoff
med saft og kraft.
   Uansett trur eg det er ein av dei urgamle eigenskapane ved menneska
at vi likar fantasi og eventyr. Dei livar opp ei ellers kjedeleg verd,
og sidan alle veit at det berre er fantasi, treng vi ikkje bkymre oss
over dei. Andre stader og til andre tider har fantasihistoriane vore
spøkelsesforteljingar og alfehistoriar i vekeblad og Hollywoodfilmar.
Horoskop og romvesen er berre ein variasjon over eit gammalt tema.
   Uheldigvis har vi menneska også ei enorm evne til å viske ut grensene
mellom fantasi og realitet. Nokre menneske trur at horoskop har verkeleg
spådomskraft. Andre trur det dei ser på fjernsynet. Det er denne
typen godtru sanningssøkarar og vitskapsfolk burde kjempe imot, og ikkje
harmlaus moro som ikkje lurer nokon. Det er berre eit problem med dette:
Dersom vi lærer opp folk til å stille spørsmål og ikkje tru alt dei
høyrer, vil dei då tru på ærklæringane til ærlege vitskapsfolk lenger?

Alison Brooks er paleontolog og busett i Rugby.
(Frå New Scientist 4 febr. 1995, side 46-47)

----------------------------FIRDA BBS---------------------------------
Einaste BBS i Norge spesielt for populærvitskap, naturfag, fagdebatt
og kritisk tenking. Tilbod innan naturfag, biologi, kjemi, matematikk,
fysikk, teknikk, sjakk, fjernundervisning og SKEPSIS. Alle konferansane
er leidde av fagpersonar. tlf: 57 86 54 35 / 57 86 64 65 / 57 86 65 65
----------------------------------------------------------------------
Tekstar frå Firda BBS må ikkje brukast kommersielt utan etter skriftl.
avtale med forfattarane/omsetjarane og med ansvarleg ved Firda BBS
----------------------------------------------------------------------
                                                             Firda BBS
                                                             blt15c7