UTVIKL.TXT - Sjeledanninga

===============================================================================
     Date: 09-03-95    Time: 07:26p     Number: 1569   
     From: Magnus Itland@MAN             Refer: 1516    
       To: Bjørn Stærk                Board ID: ROLVSOY         Reply: 
  Subject: Sjeledanninga                    74: TEAM/Religio   Status: Public 
-------------------------------------------------------------------------------
BS┤Jeg har faktisk tenkt i lignende baner selv. Hva er det teorien
  ┤din går ut på?

Hugs at eg har åtvara deg ... :)  Dette skulle stått i Team/Psykologi,
men denne manglar, så dermed ...

I steinalderen hadde ikkje menneska generelt den form for medvit
(bevissthet) som idag.  Kvart menneske var først og framst medlem
av ei gruppe (stamme) og alle i stammen tenkte likt.  Vel, kvar
var seg sjøl nærast til ei viss grad (i matfatet, f.eks) men alle
hadde samme oppfatning om det meste.  Dette vart halde ved like
ved at store deler av tida vart brukt til seremoniar og til å
gjenfortelje historier som lærte korleis alle ting var.
Rett og galt var det som var akseptert eller ikkje av dei andre
i stammen.

Det "primitive" menneske hadde ei ganske lita sjel som utan
varsel kunne oppløysast i den kollektive stamme-sjela, som er
ein slags mobb.  Faren var også stor for å bli besatt av ei
eller anna ånd, av ulike grunnar.  Sjukdom vart ofte forklart
med at deler av sjela var blitt borte osv.

Høvdingen var ofte ein person som hadde eit meir utvikla sjelsliv
enn dei andre i stammen.

Ved sivilisasjonens morgongry sto det fram leiarar med eit høgare
medvit enn massen.  Dei forsto at det måtte skapast ein ny måte
å tenke på.  Dei ga lover.  Lovene var "heilage", heva over
familiens eller stammens vurdering.  Alle måtte rette seg etter
lovene, både liten og stor.  (Ideellt sett i alle fall.)  Når
dette fekk virke generasjon etter generasjon, vart det til sist
naturleg.  Folk fekk så å sei lovene på innsida.

Med lovene kom personleg ansvar.  "Du skal, du skal ikkje."
Den enkelte sto til ansvar, ikkje som medlem av ei gruppe berre
men som person.  Dette styrka ego'et, på godt og vondt.
Når den enkelte person vart sterkare, var det ikkje lenger så
lett å bli overmanna av fragment frå det undermedvitne, såkalla
"ånder".
Med tida vart den personlege sjela ein så sterk ting at folk
starta tru at den ville leve evig, uansett kva etterkomarane
gjorde.  (I eldre tid var det etterkomarane som gjennom offer
og seremoniar heldt den dødes sjel gåande.)

Omlag på dette stadiet kjem "moderne" religion til syne.
Sjela er no ei og samla og sterk (før kunne folk ha inntil
fleire sjeler - egyptarane hadde f.eks. to).  Og i like måte
framtrer no Gud som ein udelt og sterk person.  Og jamvel
Den Onde er konsolidert til ein temmeleg kraftfull person.
Dette kan sjåast som ein reaksjon på konsolideringa av Ego'et.

Idag er vi individ og individualistar.  Gamle seremoniar som
f.eks. konfirmasjon har misst det meste av sitt innhald - livet
sjøl er no manndomsprøva for dei fleste av oss.  Viljen er no
så sterk at det ikkje lenger trengst svære seremoniar for å
samle psykisk energi til viktige hendingar i løpet av året,
men det er framleis nokså vanleg med seremoniar i samband
med inngåing av ekteskap, i samband med dødsfall og tildels
fødsel.  (Seremoniar er metodar for å auke tilgjengeleg
psykisk energi.  Kan skrive ei avhandling om det ein annan
gang kanskje.)

Kristendomen innebar eit nytt sprang bort frå gruppe-medvitet
og til eit einsamt Ego-medvit.  Frå og med "bergpreika" er det
ikkje nok at folk ikkje kan ta deg for noko kriminelt, du står
også ansvarleg for tankane dine og motiva dine.  Fokus blir
flytta vidare inn i det enkelte menneske.

Eg og eindel andre trur at barn må gå gjennom desse gradene,
frå ei uklår kjensle av å høyre til ein familie, vidare gjennom
stadig aukande personleg ansvar, til dei som vaksne er i stand
til å ta heilt og fullt ansvar for sitt eige liv.

Kvar vil dette ende?  Det kan virke som om menneska i vår tid
meir og meir frigjer seg frå forestillinga om ein antropomorf
(menneskeliknande) gud, sjøl om dette biletet er viktig nok.
Jesus nevnte at Gud er ånd, at himmelriket ikkje kjem slik at
vi kan sjå det med auga men er inne i oss.  Dei første kristne
såg fram til at Gud skulle bli alt i alle. 

Betyr dette at Gud er i ferd med å bli internalisert, bli eit
"indre anliggende" så å sei?  At kanskje både Himmel og Helvete
blir ein del av menneska sitt indre liv, og at deira eksistens
som ytre fysiske realitetar bleiknar bort?

Vil utviklinga gå frå utallige ånder via mange gudar via ein Gud
til ingen gud?  Eller rettare sagt, ingen *utanforståande* gud.
"Sjå, Guds bustad er hjå menneska" og "Gud skal vere alt i alle".
Den som lever får sjå, men det vil nok uansett ta si tid.
"No er vi Guds barn" sier Johannes, "og det er enno ikkje openberra
kva vi skal bli."

itlandm@manhattan.bbs.no
---
 ■ 1st 1.11 #5490 ■ The myth-begotten child.
===============================================================================